05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

I mai 1983 var styret, med styreformann Ivar Moe i spissen,

einige om å tilby Villy Jacobsen deltidsstilling som informasjonskonsulent

i Grønland Byfornyelse. Dette var eit tilbod han

ikkje kunne seie nei til. Etter at Villy gjekk ut av styret i 1986,

har dei to likevel kontakt. Ivar Moe sit som leiar i Takstutvalget

i kommunen, der Villy er varamann.

Nikkarane

Offisielt var kommunen sitt mål med Grønland Byfornyelse å

fornye eit kvartal på Grønland. Dette står med klare ord i vedtektene

til selskapet. Men Fridtjov Johansen sitt mål med Grønland

Byfornyelse var personleg vinning for seg sjølv og venene

sine. Dette kravde ein annan type organisering av selskapet, der

fredagsmøta var det reelle topporganet i selskapet. Styret som

var sett til å passe på dei kommunale interessene, klarte aldri å

skjøtte oppgava si. Peter N. Myhre - som elles er ivrig tilhengar

av fri konkurranse - fremma til dømes aldri forslag om at Fagbygg

og Fosse & Aasen sitt monopol i Grønland Byfornyelse

A/S skulle opphevast.

Økonomien i Grønland Byfornyelse står heilt i stil med dette.

Fridtjov brukte pengane etter sitt eige hovud. Bustyraren

skriv i innberetninga til skifteretten at selskapets styre og revisor

ikkje har hatt naudsynt kontroll med den daglege drifta.

Han seier at det var utruleg mykje rot, og difor svært vanskeleg

å finne ut av i ettertid. Selskapet har betalt ut pengar ei rekke

gonger utan at det finst annan dokumentasjon enn giroslippar.

Det er og ei mengd med ulike utbetalingar som det finst bilag

på, men dei har ikkje vori til godkjenning i styret. Det er på det

reine at den eller dei som har hjelpt dagleg leiar med dette, har

vori heilt ukyndig i sjølv den mest grunnleggjande rekneskapsføring.

Styret let seg orientere i ettertid - i beste fall. Elles kjende

dei snautt til kva som gjekk føre seg, endå dei møttest ein gong

for månaden. Men dei har ikkje alltid vori heilt nøgde med

informasjonane, syner styreprotokollane. Til dømes godkjende

dei årsrekneskapen for 1981, men ønska at neste års rekneskap

110

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!