05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Smithutvalet kom ikkje lenger enn dette sommaren 1990, fordi

korkje Tove Heggen Larsen, Ronald Bye, Arild Siggestrøm

eller Vann-Teknikk A/S «har villet legge fram dokumentasjon

for at nevnte kjøpesum for boblebadet faktisk er betalt»? Taushetspliktsreglane

i § 3-13 i likningslova vart tolka så strengt at

utvalet ikkje fekk studere dokument som Oslo Likningskontor

hadde etter eit dokumentbeslag.

Men forklaringane sprika enda meir enn før. Siggestrøm

heldt fast på den same framstillinga som han ga til vår kjelde i

1987/88, den gongen han «fiksa» boblebadet, nemleg at det var

varaordførar Heggen Larsen som kom til han og ba om hjelp i

1987. Høgsterettsadvokat Hjort prøvde derimot å føre fram ein

annan versjon og hevda at det var Bye som hadde kontakta

blikkenslagaren. Hjort hadde elles gitt opp den opprinnelege

versjonen der han hadde hevda at boblebadet vart «betalt 9.

januar», dvs. «samme dag som fakturaen fra leverandøren -

Vann-Teknikk A/S - er datert». 8 Sjølv om han hadde sagt til

Klassekampen at han hadde sett denne kvitteringa, nekta han

no på «prinsipielt grunnlag» å dokumentere oppgjeret for

Smith-utvalet.

Statsadvokaten grip inn

Da Smith-utvalet la fram første rapporten sin om Oslo-korrupsjonen,

var det statsadvokat Bjørn Kristensen som fekk jobben

med å vurdere om det var grunn til å setje i gang politietterforsking

mot tidlegare varaordførar Heggen Larsen, eller mot

andre Oslo-politikarar. Statsadvokaten kom fram til ein konklusjon

som var enkel og forståeleg. Han slo fast at m.a. habilitetsreglane

var brotne mange gonger, men konkluderte etter noen

summariske merknader med at statsadvokaten «finner etter dette

intet grunnlag for å iverksette politietterforsking»,

Til NTB ga han ei djupare forklaring på kvifor han kom til

denne konklusjonen. Om dei lovbrota Oslo-politikarane hadde

gjort seg skyldige i sa han at «dette kan neppe være straffbart

så lenge forholdet er offentlig kjent». Dessutan sa han til NTB

at kommunalpolitikarane som hadde broti lova, burde sleppe

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!