05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Seinare flytta selskapet til loftsetasjen i ein av dei fornya

gårdane på Grønland. Det var kommunen som eigde lokala. På

kontoret her var det ei badstue med romsleg garderobe, og

Fridtjov var kry av badstua! På «julemøtet» 19. desember 1986

tar styret til etterretning at «Grønland Byfornyelse har kjøpt et

brukt piano til selskapet». Kvifor trong eit lite byfornyingsselskap

piano, badstue og soverom bak kontoret? Styret må ha

innsett at det var naudsynt. Alle utan ein. Direktør Arnt Sundli i

Kreditkassen reiste spørsmål om bruken av kontorlokala til

Grønland Byfornyelse A/S. Dagleg leiar gjorde greie for dette,

står det lakonisk i styreprotokollen for møtet den 10. juni 1987.

Flinke Fridtjov

Til dagleg på kontoret var det heller ingen kontroll med kva

Fridtjov heldt på med. Hadde det vori ein administrasjon slik

det var planlagt i starten, hadde han neppe kunna styre butikken

på denne måten. Men han trong ikkje noen til å hjelpe seg. Det

heldt med ei kontordame, fordi han var så rivande dyktig sjølv,

forklarte han til bustyraren. I eit brev datert 11. mars 1991 skriv

han at «administrasjonen var meget begrenset på grunn av daglig

leders store fagkunnskaper innen regulering og trafikkteknikk,

og håndverksmessig erfaring og samarbeidsevne».

Som dokumentasjon på sine strålande eigenskapar legg han

ved ei bunke attestar, med Ivar Moe si vurdering av han som

dagleg leiar i Grønland Byfornyelse som prikken over i-en.

Men også Stein Aasen, dagleg leiar i arkitektfirmaet Fosse &

Aasen, Grønland Byfornyelse sin faste «rådgjevar» gjennom 12

år, gir han godt skussmål som julegave etter konkursen. Fridtjov

«har en utrolig bred kontaktflate innenfor statlige og kommunale

etater, som innenfor det private næringsliv. Han har

ledet selskapet på en utmerket måte og vært ryddig og ordentlig

i alle saker som vedrører forholdet mellom byggherre og prosjekterende».

Eit tidleg takkebrev frå firmaet Fortifikasjon A/S tar likevel

kaka. Den 11. august 1978 skriv sjefsingeniør Jan A. Rygh til

administrerande direktør Anton Merckoll i Dyno Industrier, og

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

117

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!