05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Indirekte korrupsjonsbeskyttelse er handlingar frå personar som

sjølv ikkje er personleg involvert, men som av ulike grunnar

synest det er lite Ønskjeleg med korrupsjonspåstandar, uhilda

gransking eller andre former for offentleg uro. Personar som

opptrer slik vil ha mange ulike motiv.

Å opptre korrupt er juridisk sett langt alvorlegare enn å vere ein

av mange nødvendige korrupsjonsbeskyttarar. Men samtidig er

det slik at alle gradene av feilaktig eller regelstridig handlemåte,

frå den grove korrupsjonen til den mildaste forma for indirekte

beskyttelse, det utgjer tilsaman ein korrupt organisme der

dei ulike delane har kvar sine funksjonar. Korrupsjonen ville

hatt svært dårlege levekår, viss det ikkje hadde vori for dei

mange korrupsjonsbeskyttarane som stiller opp til ulike slags

hjelpemannsroller.

Lov og rett

I juridisk samanheng kan ikkje 'korrupsjon' vere anna enn eit

upresist samlenamn på ulike former for dels lovstridig og dels

uetisk handlemåte. Det er for snevert berre å sjå på reglane om

utruskap og bestikkelse. Korrupsjonen kan omfatte mange slags

øko-krim: Slik som brot på reglane for skatte- og avgiftsbetaling,

på rekneskapslova og på lova om aksjeselskap. Dokumentfalsk

er av og til ein del av sakskomplekset.

Sjølv om orda 'korrupsjon' og 'bestikkelse' ikkje står i den

norske lovboka, så finst det lovreglar som inneheld forbod mot

visse former for korrupt handlemåte. Lovene inneheld og ein

del reglar for handtering av saker som er meint å minske sjansen

for at korrupt framferd skal lykkast.

Grunnsynet i lovverket er at både den offentlege administrasjonen

og dei folkevalde skal te seg sakleg og upartisk. Det

betyr at alle partar i ei sak skal bli behandla likt og at all ressursbruk

skal styrast ut frå kva som er best for det offentlege, dvs.

for fellesskapet. Både tenestemenn og politikarar skal lojalt halde

seg til dei reglane som er lovfesta. Dette står - iallfall i teorien

- i skarp motsetnad til all bruk av korrupte metodar.

128

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!