05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Han vart kalla 'Bulldoser'n' fordi han aldri let seg stoppe av

formelle hindringar og 'Langbein' fordi han alltid kom seg

unna i tide. Få veit meir om Oslo-korrupsjonen enn han.

Han fortalde politiet at han hadde opplysningane sine direkte

frå Stein Bentzen som eigde firmaet Vann-Teknikk A/S. Dette

er eitt av fleire firma som deltok aktivt i det korrupsjonssystemet

som Johannessen kjende som si eiga bukselomme. Han

sa til politiet at Vann-Teknikk hadde levert boblebadet til blikkenslagar

Arild Siggestrøm, som så sørga for å få det frakta

heim til varaordførarbustaden på Ekeberg. Vann-Teknikk ordna

monteringsarbeidet, ein ikkje heilt liten jobb.

Johannessen sa til politiet at han snakka med Bentzen om

saka da boblebadet vart ei mediesak på seinhausten 1989. Han

fekk da vite av Bentzen at han ikkje hadde sendt rekning for

denne leveransen. Johannessen hadde oppfatta Bentzen slik at

det heller aldri hadde vori tanken at Vann-Teknikk skulle gjere

det. Thorolf Johannessen fortalde politiet at han for sin del

trudde at det vart laga ei rekning etter medieoppstusset, og

gjorde merksam på at han for sin del ikkje hadde snakka med

blikkenslagar Siggestrøm om denne affæren.

Ein person som kjenner Siggestrøm, har - utan å kjenne

Johannessen si politiforklaring - fortalt oss at Tove Heggen

Larsen og Ronald Bye fekk til ei slik ordning på etterskot at dei

om nødvendig kan vise for seg ei 'kvittering' for at boblebadet

er betalt.

Arild Siggestrøm og Tove Heggen Larsen har sjølve forklart

seg i tre omgangar, og med litt ulike versjonar.

1. omgang - to versjonar

I desember 1989 leigde dei kvar sin advokat til å snakke for

seg. Tom A. Torkildsen som representerte Siggestrøm, opplyste

at «tidligere nestleder i Oslo Arbeiderparti, Tove Heggen Larsen

ba Arild Siggestrøm om hjelp med anskaffelsen av et 'boblekar'

i januar 1989. Siggestrøm kontaktet firmaet Vann-Teknikk

A/S, som verken han eller Oslo Blikkenslagerverksted

hadde noen eierinteresser i, og bestilte boblekaret på vegne av

18

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!