05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

avslutta i det særskilde granskingsutvalet som Fylkesmannen

har oppnemnt. Men Røsland har fått merke mottiltak frå dei

som føler seg truga.

Tirsdag 11. juni 1991 vart han oppringt av ein advokat som

sa han representerer den korrupsjonsmistenkte funksjonæren.

Advokaten har hatt oppdrag for Ulf Jespersen i denne same

byggjesaka så seint som i januar 1990. Om han følgde god

advokatskikk, hadde han derfor sagt nei til å vere advokat for

ein som no har Jespersen som motpart.

Advokaten truga med at det ville få alvorlege følgjer viss

Jespersen ikkje trekte tilbake skuldingane han hadde komi med.

Det kunne bli «uleveleg for Jespersen i Alta», og han kunne bli

sitjande med erstatningskrav som han aldri ville klare å betale.

Advokaten sa bg at han meinte kommunestyremedlem Røsland

kunne få ei sak på nakken sjølv, fordi det var han som hadde

brakt skuldingane mot den kommunale funksjonæren fram

til det granskingsutvalet som Fylkesmannen har oppnemnt for å

undersøke saka.

Advokaten snakka med Ulf Jespersen bg. Han sa frå at Jespersen

«risikerer veldig store vanskeligheter» viss han ikkje

trekte tilbake dei negative opplysningane om funksjonæren

som han hadde gitt til granskingsutvalet.

Det er - i teorien - ei mulighet for at dette er det einaste tilfellet

av lov- og regelstridig byggesaksbehandling i Alta dei

siste åra. Vi trur ikkje det er slik. Hadde dette vori eit eingongstilfelle,

så er vi sikre på at både Ole K. Sara, bygningssjefen og

ordførar Rasmussen ville trødd kraftig til og rydda opp da dei

fekk påstandane om misforhold på bordet tidleg i 1990. Hadde

det vori eit eineståande tilfelle, så hadde RV heller ikkje fått så

mange reaksjonar frå folk som takkar for at saka blir reist og

samtidig fortel at dei sjølve kjenner til liknande saker.

Vi føler oss sikre på at denne saka er eitt av fleire utslag av

ein uryddig rådhuskultur, ein «kultur» som spreier seg utover

og nedover frå dei øvste maktpersonane og som legg forholda

til rette for lov- og regelbrot, krenking av folks rettar og for

korrupt saksbehandling.

Han som har tatt imot betaling, har gjort svært alvorlege

tenestefeil, men det ligg eit større ansvar på dei politikarane

7 Sannheta om boblebadet

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

97

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!