05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

media og i ulike meir og mindre grundige granskingsrapportar.

Boblebadet vart eit slags halvseriøst symbol på Oslo-korrupsjonen.

Litt dristig og litt avslørande, fordi det handla om ein tidlegare

varaordførar. Samtidig litt useriøst og litt komisk fordi

det kanskje ikkje var anna enn eit stort badekar, og kva kan no

eigentleg det vere å mase om? Boblebadet i Symreveien på

Ekeberg i Oslo fekk ein dobbel funksjon. Det vart både symbol

og lynavleiar. Det siste er viktigast. Boblebadet trekte søkjelyset

vekk frå dei store sakene, vekk frå millionforretningane,

vekk frå dei mennene som avgjorde slike saker og som framleis

er aktive i politikken. Kven bryr seg f. eks. med å finne ut kva

rolle noverande utanriksminister Thorvald Stoltenberg hadde

da Selmer fekk kjøpe Oslo City-tomta med millionrabatt, når

det i staden går an å fråtse i historia rundt eit boblebad til noen

titusenar?

Vi trur sannheta om boblebadet er viktig lell, fordi den gir

innsyn i eit korrupsjonsmiljø der mektige menn utveksla synspunkt

og tenester. I dette miljøet gjekk kommunalråd - og tidlegare

byråd - Sigurd Østen (H) under namnet «Sølvreven». Tidlegare

byrådsleiar Hans Svelland var ein av dei mektigaste av

dei som stod blikkenslagar Siggestrøm nært. Boblebadsaka gir

oss også ein innfallsvinkel til å forstå litt av den korrupte finansieringa

av Oslo Arbeidarparti sine valkampar på 1980-talet.

- Nå har jeg fiksa et boblebad til a' Tove, sa blikkenslagar

Arild Siggestrøm til ein som var kjend i miljøet hans. Dette vart

sagt tidleg i 1988 eller i 1987. Når Siggestrøm brukte uttrykket

`har fiksa', så betydde det gratis leveranse for mottakaren, utan

kostnad for Siggestrøm sjølv. Siggestrøm nemnde aldri andre

namn enn «a' Tove» som mottakar. Det vanlege i Siggestrømmiljøet

var at kostnadene da skulle takast med på ein faktura til

ein annan kunde, oftast til Oslo kommune. Viss det handla om

ei gåve frå han sjølv, brukte han ikkje å ordlegge seg slik.

Fleire andre kjelder har i ulike samanhengar forklart boblebadsaka

på liknande vis. Da `gudfar' Thorolf Johannessen i

Vedlikehaldsetaten var hardt pressa av politiet natt til 22. mars

1990, fortalde han litt av det han visste om fleire andre politikarar.

Johannessen var både fagforeningsmann og kommunalpolitikar,

og han hadde vori ein viktig mann i partiorganisasjonen.

2 Sannheta om boblebadet

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!