05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Han la fram problemet sitt for psykolog Sandstrøm som

raskt lova å hjelpe. Hjelpepleiaren vart imponert over at ein

telefon frå Sandstrøm var nok til at ein av dei mest velrenommerte

kjendisadvokatane i Oslo tok på seg å vere forsvarar.

Han visste lite den gongen om at Sandstrøms private psykologpraksis

hadde same adresse som advokatkontoret. Sandstrøm

tok og kontakt med sjefpsykologen ved eit sjukehus der Lien

tidlegare hadde vori innlagt.

Sjefpsykolog Årstein Skiftun stussa over den forespørselen

han fekk, og fordi han følte seg litt pressa som psykolog, hugser

han godt det som skjedde: «Han (Sandstrøm) formulerte seg

nok ganske klart. Hovudinntrykket mitt var at han ønskte ein

attest som kunne leggast til grunn for påtalemakt/retten for å

kunne erklære Tormod soningsudyktig. ... Eg kom imidlertid til

at eg på fagleg grunnlag ikkje hadde noe grunnlag for å meine

at han var soningsudyktig. Snarare tvert imot, kom eg - overfor

meg sjølv - til at han ville ha godt av å møte konsekvensane av

si uvettige åtferd (promillekøyring).» Skiftun vurderte grundig

kva han kunne skrive ut frå både ei fagleg og menneskeleg vurdering.

Resultatet vart ein attest som var stila til «psykolog Jon

Sandstrøm, Oslo Kretsfengsel, Fengselsykehuset», og som var

grundig og sakleg, men heilt ubrukbar i forhold til den aktuelle

straffesaka. Ganske enkelt fordi det ikkje stod eit ord der som

tyda på soningsudyktighet.

Men den hjelpsame psykologen var ikkje rådlaus. Samtidig

som han sendte den - i straffesaksamanheng - verdilause og

ubrukbare attesten over til advokat Morten Kjensli, så sørga

han for at ein psykologkollega frå tida ved Stovner Psykiatriske

Poliklinikk vart kopla inn i saka. Ved denne poliklinikken var

det hjelp å få - lynraskt. Same dag som advokat Kjensli mottar

den sannferdige - men heilt «unyttige» - attesten frå sjefpsykolog

Skiftun, så skriv psykolog Erik Undersrud på Stovner ut ein

ny attest med ein heilt annan konklusjon. Alle fakta rundt denne

attesten tyder på at det er eit bestillingsverk.

Psykolog Erik Undersrud - som har signert attesten - ordlegg

seg på ein profesjonell og gjennomtenkt måte: Han skriv

attesten «på anmodning fra» Tormod Lien. Dernest låner han

seg autoritet og fagleg tyngde ved å seie at han «viser ellers til

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

29

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!