05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

meningsbrytninger», da sluttar kommunestyret å vere det øvste,

styrande organet i kommunen.

Delegasjon betyr vanlegvis at eit organ overfører litt av si

eiga myndighet til eit anna organ. Men dette betyr ikkje at det

overordna organet blir kvitt ansvaret for det aktuelle saksområdet:

«Organet har rett og plikt til å føre kontroll med hvordan

den delegerte myndighet blir utøvet i henhold til retningslinjer

som måtte være gitt for myndighetsutøvelsen... Delegert myndighet

kan dessuten når som helst innskrenkes, eventuelt helt

tilbakekalles. Ansvaret for delegert myndighet ligger således

helt klart hos det delegerende organ» 29.

Ein ordførar tar altså feil viss han seier: «Den saka har eg

delegert til sjefen for teknisk etat, så det er ikkje mitt ansvar

lenger.»

Viss kommunen ikkje følgjer dei reglane som finst for delegering,

kan ei sak først bli delegert frå kommunestyret til formannskapet,

så derifrå til rådmannen, og så vidare frå han til

ein etatsjef som kan overlate avgjerda i saka til ein av sine

underordna. Skjer dette med mange slags saker, er det snart

ingen som veit kven som eigenleg har avgjerdsmyndighet og

kven som har ansvar.

I arbeidet med utforminga av kommunelovas § 31 a slo

departementet fast at det ikkje skal gjerast på den måten:

«Departementet mener det vil tilligge det delegerende organ

- kommunestyre og fylkesting - i forbindelse med det enkelte

delegasjonsvedtak å ta standpunkt til om det skal være

adgang til videre delegasjon (subdelegasjon)» 3°.

Dei som styrer Oslo kommune har her - som så ofte elles - ei

anna oppfatning og ein annan praksis enn det som er gjeldande

rett i resten av kongeriket. I den store delegasjonssaka som vart

laga da bystyret i februar 1986 vedtok å innføre byrådsordninga,

slo finansrådmannen fast at for Oslos del skulle regelen

vere det stikk motsette av det som departementet meiner:

144

«Dersom delegasjonsvedtaket ikke inneholder noe forbud

mot videre delegasjon, er det det organ som har fått myndig-

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!