05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

I tillegg ønskjer dei å «videreutvikle» by- eller kommunerådsordninga,

som den evt. vil komme til å heite i landkommunane.

Kommunelova - slik den er i dag - splitter organiseringa av

ein norsk kommune opp i fleire sjølvstendige delar. Ei kommunal

sak blir behandla i fleire omgangar. For kvar gong saka går

frå eit trinn til eit anna innafor det kommunale systemet, så skal

det vere muleg for folk å sette seg inn i ho. I store og viktige

saker er det formannskapet og bystyret som har siste ordet. Ei

slik organisering av vedtaksprosessen i kommunane opnar for

offentleg innsyn og debatt lenge før saka vert endeleg avgjort.

Dette gjer det vanskeleg - men sjølvsagt ikkje umuleg - for ein

person eller ei gruppe som har ureint mjøl i posen, å få

gjennom urettmessige vedtak i større saker.

Kommunelova slik den er i dag byggjer på det såkalla «forholdstallsprinsippet»

når det gjeld oppnevning av medlemmer

til formannskap og politiske underutval, nemnder og råd. Desse

underutvala avgjer «mindre» saker og førebur større saker for

kommunestyret. «Forholdstallsprinsippet» opnar til ein viss

grad for at opposisjonelle politikarar også får vere med å

avgjere «små» saker - saker som likevel kan vere særs viktige

for einskildmenneske. Slike politikarar kan fungere som «vaktbikkjer»

i systemet.

Kommunerådssystemet - eller kommuneparlamentarismen -

sett ein strek over det meste av det som er demokratiske innslag

i organiseringa av kommune-Norge. I dette systemet - som

hovudstaden har hatt på prøve frå i februar 1986 - er nesten alle

trinna i vedtalcsprossesen «unntatt offentlighet» og gjort hemmelege.

Alle politisk samansette sektor- og underutval er fjerna.

I staden for dei politiske underutvala kjem ei slags kommuneregjering

- eller eit «byråd/kommuneråd» - som berre skal ha

medlemmer frå det eller dei partia som har fleirtal i kommunestyret.

Kommunerådet skal «passe på» at byråkratar og tenestefolk

gjer som dei skal, avgjer sjølv ei rad med store saker, og

legg fram saker for kommunestyre og formannskap der dei

synest det trengst.

På dette viset er alt slags innsyn og kontroll gjort umuleg -

med unntak for ein liten klikk med toppolitikarar i kommunerå-

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

203

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!