05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

fysisk umuleg å undersøke kor djupe injeksjonshola er og om

dei er fylt på rett måte.

Viss byggherrekontrolløren er nøyaktig og sjølvstendig, vil

det vere vanskeleg å auke fortenesta på anbudsarbeid ved slurv

eller forenkling. Er han ukyndig eller likegyldig, har entreprenøren

nokså fritt spelerom. Er han korrupt, kan alt skje.

Eksempel: Ved byggjinga av Sentrum T-banestasjon - rett

under Stortinget - brukte entreprenøren forskalingsbord og melkekartongar

der det skulle vere vasstett betong av særskild høg

kvalitet, utan at byggherren slo alarm.

Der det ikkje er avtalt pris på førehand, er byggherrekontrollen

enda viktigare. Det finst nok av entreprenørar som får formennene

sine til å «skrive timeliste med gaffel» når dei utfører

rekningsarbeid. Viss kontrolløren godkjenner timelister utan å

vite at alle timane er knytta til det aktuelle prosjektet, så er det

uråd å kome etterpå og reise krav mot entreprenøren. Det same

gjeld godkjenning av materialforbruk av ulike slag.

Eksempel: Firmaet Myhre & Storli A/S skjulte ein del privatarbeid

for sjefen ved den kommunale rørleggjarverkstaden i

Oslo da dei sommaren 1988 skreiv rekning til kommunen for

arbeidet med ei grøft ved Klemetsrud skole. Arbeidet måtte

vere ferdig til skolestart. Kontrollen var svak, avtalen om førehandspris

var muntleg. Firmaet «justerte» rekninga før dei

sendte den, slik at ein del privatarbeid vart betalt av kommunen.

Eksempel: Det politikarstyrte Oslo Byfornyelse A/S hadde

som praksis å leige inn meir eller mindre profesjonelle byggjeleiarar

til å stå for byggherrekontrollen. Ein kontrollør tente

betre dess fleire oppdrag han hadde samtidig. Da eigedomen

Åkebergveien 36 vart rehabilitert, godkjende den innleigde

kontrolløren ei rekning frå firma Helge Schjærve A/S for vekkkøyring

av omlag 110 containerlass med søppel og skrot. I

kontrakten sto det at dei skulle bruke omlag ein tiandepart av

dette, men kontrolløren attesterte tilleggsrekninga utan å blunke.

Da hjalp det lite at kven som helst etterpå kunne sjå at det

ville vori god plass til å køyre vekk heile huset i dei 110 containarane

som burettslaget måtte betale for.

142

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!