05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ukte administrasjonssjef Egger ein uakseptabel - og ulovleg -

metode for å skjule den usemja som eksisterte mellom han

sjølv og Bjørkly i ei sak som bydelsutvalet skulle avgjere. På

det tidspunktet hadde Egger gjennomført ei delegering av økonomiske

fullmakter internt i administrasjonen, som bydelsutvalet

enno ikkje hadde vedtatt. Denne fulhnaktsdelegeringa var

omstridd i administrasjonen og utan dekning i politisk vedtak.

Bydelsutvalet ønskte meir tid før dei tok standpunkt.

Da Bjørkly skulle skrive eit notat om konsekvensane av

1987-budsjettet for ansvarsområdet sitt, brukte ho siste avsnittet

til å kommentere spørsmålet om delegering av økonomifullmaktene.

Ho gjorde greie for kva som etter hennar syn var fagleg

forsvarleg i forhold til dei tenestene som skulle utførast.

Knut Egger likte ikkje siste avsnittet i notatet frå Bjørkly.

Han kom til at det beste var om politikarane ikkje fekk lese det.

Dermed tok han saksa og fjerna heile avsnittet. Og ikkje berre

det, han tok fram limtuben og flytta det som var igjen av sistesida

og Bjørkly si underskrift over på eit nytt ark. Så mangfoldiggjorde

han denne falske versjonen av notatet og sendte det

nye dokumentet ut til medlemmene i bydelsutvalet. Slik produserte

han eit nytt dokument ved hjelp av saks og lim og ga det

ut for å vere det opprinnelege dokumentet som Bjørkly hadde

skrivi.

I bydelsutvalet gjekk dette greitt. Bjørkly deltok ikkje i

behandlinga av denne saka ettersom ho var inhabil. Det står

ikkje eitt ord i protokollen om at det var uregelmessigheter av

noe slag. Bjørkly synest ikkje det er så rart, ettersom Eggers

operasjon med saks og lim ikkje vart nemnd med eitt ord i dette

møtet.

Denne «episoden» gjorde ikkje samarbeidsforholda betre.

Mykje tydde likevel på at også administrasjonssjef Egger ønskte

eit samarbeid mellom han sjølv og legeleiaren. Da Bjørkly

sommaren 1987 fekk innvilga 10 månaders permisjon med løn

for å fullføre ei helseadministrativ utdanning på universitetsnivå,

skreiv administrasjonssjefen under på ein avtale som stadfesta

at «Bjørkly er å anse som fast ansatt legeleder med de

samme plikter og rettigheter som andre fast ansatte i Oslo kommune».

83

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!