05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Ved sida av industribankdirektør Henriksen sit mellom anna

ordføraren i Sør-Varanger og SV-aren og kommuneforbundsmannen

Harald Isaksen i styret. Dei har godkjent rekneskapen

for 1988 og 1989 utan å kny. Styret har også godkjent revisormeldinga

frå Asbjørn Berg i Vadsø, som ikkje er statsautorisert

- slik han skal vere for å ha lov til å revidere rekneskapen i eit

aksjeselskap som Sør-Varanger Invest. Eit lite blikk på brevarka

som han skreiv meldingane på, hadde vori nok til å avdekke

det lovbrotet. På brevpapiret stårt det klart og tydeleg at Berg

berre er «registrert revisor», ikkje «statsautorisert revisor».

Bakom og over styret har vi Kommunaldepartementet og

Næringsdepartementet. Der har ulike ministrar som Petter Thomassen,

Ole Knapp og Kjell Borgen sitti ved roret. Kva har dei

visst om omstillingsmillionane som berre forsvann ut i lause

lufta? Har dei lesi årsrapportane frå Sør-Varanger Invest, der

det kjem fram at det har vori vanskeleg å nå måla med å etablere

400 nye arbeidsplassar innan 1991/92? Har dei stilt spørsmål

om kvifor det har gått så tregt? Har dei brydd seg med å ta

stikkprøver for å få svar? Har dei spurt riksrevisjonen som har

ein del av kontrollen med bedrifta?

Kven er korrupt i SVI?

Det systemet som vart bygd opp omkring SVI og Stortinget

sine løyvingar til omstilling i Sør-Varanger gjorde det muleg

for fleire enkeltpersoner å «ete av lasset» og hauste private fordelar.

Det er likevel uråd å seie - utfrå den kunnskapen vi har -

at den eller den er korrupt, i den forstand at det er gjort brot på

dei paragrafane i straffelova som går på bestikkelsar eller utruskap.

Dersom vi legg ein så snever definisjon av korrupsjon til

grunn - slik som t.d. Smith-utvalet gjer (sjå side 124) - så er dei

ikkje korrupte, korkje Henningsen, Hatle eller dei andre som

har hatt fordel av at husleigene, husforsikringa og telefonrekningane

deira ikkje har vorti lønnsinnberetta. Men bruker vi

Carl August Fleischer sin definisjon (sjå side 125), handlar Sør-

Varanger Invest-saka om «korrupte forhold».

80

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!