05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

gjennomsyra av manglande respekt for lova: «Det kan derfor

lett fremstille seg som mindre rettferdig å straffe noen få enkeltrepresentanter,

som med rette kan fremholde at de ikke har

forholdt seg annerledes enn det forgjengerne deres har gjort i

lang tid. Denne 'oppfølging' av tidligere praksis kan også ha

ført til at den enkelte representant i forhold til pliktstridigheten

ikke har utvist det nødvendige forsett». 41 Det skulle bli ein

interessant situasjon om Riksadvokaten i andre saker meinte at

det å leve i eit kriminelt miljø - og berre gjere dei lovbrota som

er vanleg i miljøet - i seg sjølv skulle medføre fritak for straff

og tilmed føre til at saka ikkje blir etterforska.

Eksempel: Etter det vi kjenner til, er det berre eitt tilfelle i

etterkrigstida der ein politikar har vorti dømt for brot på inhabilitetsreglane.

Det var Høgre-kommunalråden i Bergen som i

1986 vart dømt for å ha vori med i kommuneutval- og formannskapsmøta

som handsama ei konsesjonssak der eit firma

han sjølv hadde interesser i var part.

Tove Heggen Larsen - som fekk montert boblebad etter velvillig

forarbeid av Arild Siggestrøm - var i mars 1988 med på å

gje firmaet til Siggestrøm ei gavebevilgning på 308 000 kroner.

Siggestrøm kjende mange Ap-politikarar i Oslo, og sponsa

dessutan Oslo Ap. Rune Gerhardsen, som sat i styret i Oslopartiet

på denne tida, var også med på handsaminga av Siggestrøm-saka.

Heller ikkje han sa ifrå om at han var inhabil. Riksadvokaten

har imidlertid avgjort at det ikkje skal takast ut tiltale

mot noen av desse.

Viss ein tenestemann i administrasjonen er inhabil, seier

tredje ledd i § 6 i forvaltningslova at hans eller hennar underordna

også er inhabile. Det går ikkje an å gjere slik som ein

kommunal avdelingssjef i Oslo gjorde ved ei tilsetjingssak i

mars 1991. Sonen hans var søkjar til ei stilling i avdelinga hos

far. Far overlet da til ein av sine underordna å lage innstillinga

som sa at sonen burde få jobb, og at enkelte andre med lengre

ansiennitet ikkje burde bli tilsett.

I såkalla kollegiale organ er det ikkje slik. Om leiaren i eit

utval eller ei nemnd er inhabil, så får ikkje det følgjer for andre

medlemmer av organet.

158

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!