05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Eksempel: 17. desember 1986 vedtok Oslo Formannskap å

gjere unntak frå kommunen sitt anbudsreglement og inngå ein

kontrakt med det private konsulentfirmaet Medinor A/S om

utbyggjing av sjukeheim på Smestad. I formannskapet vart det

muntleg hevda at Medinor hadde sett ein frist for å vedta

kontrakten som gjekk ut før neste bystyremøte 17. januar. Det

fanst ingen dokumentasjon på dette, og det gjekk fleire månader

før kontrakten vart underteikna. Førebuinga av saka hadde

vori prega av at byrådet og byrådsleiaren hadde hatt tett underhandskontakt

med Medinor i over eitt år før vedtaket. Direktøren

i Medinor var i det aktuelle tidsrommet sambuar med ein av

byrådssekretærane som assisterte helse- og sosialbyråd Ole B.

Hovind i hans strev for å få privatisert mest muleg av eldreomsorgen.

I dette tilfelle vart hasteparagrafen sannsynlegvis brukt

for å unngå ein pinleg offentleg debatt i bystyret om ei sak som

var svært følsom for Høgre.

■ Hemmeleg protokollføring

Det hender iblant at det ikkje finst formelle vedtak i saker i det

heile tatt. Styringa og vedtaka blir då ordna av ei gruppe som

jobbar skjult for innbyggjarane og dei folkevalde.

Både politiske og administrative avgjerder skal vere skriftlege

og dermed kontrollerbare. Det same gjeld grunngivinga for

avgjerda og den vurderinga av interessekonflikter som ligg til

grunn.

Eit aktuelt eksempel her er RVs krav om gransking av

byrådsleiar Hans Svelland i Oslo datert 15. november 1988.

Saka vart drøfta i administrasjonsutvalet, men det står ingenting

i protokollen.

Smith-utvalet peika på at visse måtar å ta avgjerder på kan

leggje forholda til rette for korrupsjon. I Bjørklysaka valde

byrådet i Oslo ein uformell - og dermed ukontrollerbar - måte å

ta avgjerdene på. I ein prosess som gjekk over nesten to og eit

halvt år og kosta kommunen millionbeløp, finst det ikkje eit

einaste kontrollerbart vedtak i byrådet.

160

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!