05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

alle saker. Ordførar Olsen og kultursjef Fløtten visste alt dette,

men dei heldt opplysningane for seg sjølve. Derfor vedtok eit

samla kommunestyre å be «administrasjonen ta opp forhandlinger

med mulige interesserte med sikte på et mer hensiktsmessig

kinolokale». Vedtaket var formulert slik at det ikkje

inneheldt noe som helst slags avgjerd av realiteten i saka. Eit

meir «hensiktsmessig kinolokale» kan bety eit nytt lokale, eller

modernisering av den gamle kinoen. Vedtaket ga ikkje administrasjonen

fullmakt til å binde opp kommunen på noen måte til

ein bestemt samarbeidspartnar.

Men ordførar, rådmann og kultursjef heldt fram med å styre

saka på sin måte. Eit brev som rådmannen skreiv ni dagar etter

kommunestyrevedtaket i februar 1987, viser at det var meininga

hans at saka ikkje skulle tilbake til kommunestyret i det

heile tatt! Forhandlingane med hotellinvestorane vart avslutta i

oktober 1987. Eit dokument frå kultursjef Fløtten månaden

etter stadfester at det er meininga å halde kommunestyret utafor

og avslutte saka i lukka formannskapsmøte.

Da ein Høgre-representant reiste spørsmål i kommunestyret

i januar 1988, forsikra ordførar Olsen likevel at kommunen

stod heilt fritt.

Da kino-saka likevel kom til avgjerd i kommunestyret i juni

1988, fekk dei folkevalde ein ferdig avtale med Rica-hotellet

lagt framfor seg, med klar beskjed frå ordføraren om at dei no

var moralsk forplikta til å godta avtalen! Han meinte altså at

kommunestyret samtidig var «moralsk forplikta» til å flytte

kinoen ut av Samfunnshuset og dermed skyve dette andelslaget

eit langt steg i retning økonomisk havari.

Ap-ordføraren fekk hard kritikk frå RVs Rune Rafelsen og

fleire andre representantar, men han sto steilt på sin eigen versjon

av sakas forhistorie.

I debatten kravde Høgres Ernst Sneve å få vite om det fanst

annan korrespondanse enn det som var lagt fram. «Jeg har ingenting,»

sa ordførar Olsen og forsikra kommunestyret om at

han for sin del berre kjende til at det hadde vori forhandlingar

på administrativt nivå. Ernst Sneve forlangte - forgjeves - å få

vite kven det var som så suverent hadde sett kommunen ut av

spel i denne saka.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

63

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!