05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

hadde kjøreskolen sin i Grønland 30, ein gammal gård som

Grønland Byfornyelse hadde kjøpt for å rive og bygge nytt,

sjølv om bystyret hadde vedtatt at eigedomen skulle stå. Grønland

og Nedre Tøyen Beboerforening engasjerte seg mot

riving, og Trepka støtta foreninga sitt syn. Likevel vart trafikkskolen

og Grønland Byfornyelse einige. Ifølgje ein avtale datert

1. august 1988 skal Trepka overta nytt lokale på 80 kvadratmeter

vederlagsfritt i nybygget Jenssens Have, mot at Trepka flytter

frå Grønland 30 utan å reise søksmål. Den 16. mars 1989

har Ivar Moe og Arnt Sundli, styreformannen og K-banks

representant i styret, underteikna eit skjøte til Trepka. Trass i at

det ikkje er betalt inn fem øre til Grønland Byfornyelse, står det

i skjøtet at kjøpesummen er 400 000 kroner. Da banken sendte

skjøtet til byskrivaren følgde det med snaue 4000 kroner i

dokumentavgift. Ingen av desse sakene er behandla i styret.

Men styreformannen og bankmannen (!) har altså på vegne av

Grønland Byfornyelse skrivi under eit skjøte med kjøpesum

400 000 kroner, sjølv om selskapet eit halvår før hadde gjort

avtale med Trepka om at han skulle få den nye seksjonen gratis.

Da selskapet «kjøpte ut» Trepka frå Grønland 30, var det

framleis bystyret si meining at eigedomen ikkje skulle rivast.

Bystyret kom seg ikkje å jour med Fridtjov sine planer før i

september 1990. Da omgjorde bystyret tidlegare vedtak, slik at

den «investeringa» på 400 000 kroner som Grønland Byfornyelse

hadde gjort for å få Trepka ut, ikkje var forgjeves.

«Ville festar»

Kontorlokala til selskapet er eit kapittel for seg. Etter ein provisorisk

start fekk Fridtjov Johansen tak i lokale i Jess Carlsens

gate 4 i nærleiken av Ankertorget. Det var ei leilighet som var

delvis ombygd til kontor. Dei to soveromma fekk stå. Fridtjov

inviterte til eit sosialt liv som naboane likte dårleg. Det vart

klaga over festing i Grønland Byfornyelse sine lokaler og den

«trafikken» det førte med seg. Arild Siggestrøm, eigar av Oslo

Blikkenslagerverksted, og fleire av politikarvenene hans, var

blant gjestene.

116

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!