05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

mer på deltid. Han kunne vel ha sine grunnar for det.

Men alt på neste styremøte - som bg var før selskapet vart

stifta - var byggeplanane klare. Utkastet til arbeidsprogram for

arkitekt- og byggekonsulentarbeidet vart gjennomgått av arkitekt

Stein Aasen. Han kom frå firmaet Fosse & Aasen, som

utan konkurranse vart Grønland Byfornyelse sin faste konsulent.

Ein annan aktiv mann i same firma var arkitekt Bjørn

Glomsrød. Namnet hans går bg igjen i styreprotokollane opp

gjennom åra.

Nytt land

Allereie året etter at selskapet vart oppretta, tok Kong Fridtjov

til å sjå seg om etter nytt land - utafor det området formannskapet

hadde gitt han. Han skreiv til kommunen og ba om å få

utbetre nabokvartalet mot aust. Det fekk han lovnad om. Men

dette var ikkje nok for Grønland Byfornyelse. Utviding av

mandatet kom opp som styresak igjen i 1981. Det same skjedde

i 1984. I 1985 tok styret på seg å byggje ut på ein annan kant av

byen, i kvartalet ved Pilestredet der Blitz-ungdomen held til i

dag. Eit par år seinare fekk selskapet kommunen med på det.

Ifølge styreprotokollane var kjøpsforhandlingar i gang med

eigedomssjefen i kommunen i september 1987. Men saka vart

lagd på is fordi kommunen ikkje hadde avklart reguleringsplanen

for området.

Ikkje lenge etterpå kjøpte Grønland Byfornyelse opp eit

anna selskap, A/S Hotelgaarden, som eigde Nordahl Brunsgate

3. Denne eigedomen ligg i nærleiken av Pilestredet, og er

langt unna det vedtektsfesta området på Grønland. Planen var å

rive og bygge nytt her bg. I 1990, medan selskapet heldt på å

rakne, vert det protokollført at dette oppkjøpet var heilt ukjent

for styret, og at det kunne kome eit krav om betaling av gamal

skattegjeld på 1,6 millionar kroner som Hotelgaarden A/S ikkje

hadde gjort opp. Men kjøpet var ikkje meir ukjent for styret i

Grønland Byfornyelse enn at dei same personane sat i styret for

det oppkjøpte dotterselskapet. Styreformann Ivar Moe sat båe

stadene. For å kome ut av den økonomiske knipa vedtok gene-

102

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!