05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

klare seg med en liten administrasjon. Han viste evner til å

samarbeide utmerket med arkitekter, konsulenter og oppdragsgivere.»

Resten av styret sat sløvt og uvitande - eller medvitande - og

strødde på sand. Eit døme er at dei berre tok kjøpet av pianoet

til etterretning.

I eit intervju i VG 3. april 1991 kallar Myhre seg sjølv og

dei andre styremedlemmene i Grønland Byfornyelse for eit

«hobbystyre som møtes i sin fritid». Den påstanden er ikkje

sann. Myhre var heiltidspolitikar. Han var vald til å sitje i styret,

og dessutan viser protokollane at møta var i arbeidstida

hans. Men endå viktigare er det at politikarane i styret, og særleg

Myhre som både var formannskapsmedlem og heiltidspolitikar,

hadde ei sjølvstendig plikt til å føre tilsyn med at lovar og

reglar vart følgde. I Smith-utvalet sin andre rapport om tilhøva

i Oslo kommune heiter det at «det må være en selvfølge at

kommunale aksjeselskaper m.v. pålegges å følge de regler som

gjelder i kommunens forvaltning for å sikre en betryggende

forretningsførsel. Erfaringene tilsier på ingen måte at aksjeselskapene

kan overlates til seg selv på dette område» .

I staden for å gjere si lovpålagde plikt, heva desse styremedlemmene

sine honorar på 6-8-10 000 kroner utan å gjere stort.

Det går i alle fall ikkje fram av styreprotokollane at dei noen

gong stilte spørsmål ved det som gjekk føre seg i selskapet.

Men moroa tok dei med seg. Det var fast praksis i månadsskiftet

august/september å reise på noen dagars tur til storbyar i

Europa. Dei fekk nok mange gode idear til byfornying på

turane til mellom anna Paris, Budapest og Praha. Det siste var

eit framlegg frå Idar Eliassen som kom inn i styret etter Villy

Jacobsen. Men då tida nærma seg, fekk han protokollført at han

ikkje ville delta likevel på grunn av kommunen sin Økonomi,

samt av faglege grunnar. For Paris-turen var det Peter N. Myhre

som ordna dei nødvendige kontaktane. Det var og meininga at

dei skulle ta seg ein tur til Polen, men konkursen sette ein stoppar

for det. Desse turane var populære. I alle fall tyder ein styremerknad

på at det var fleire som var så ivrige at dei hadde

gløymt å klarere turen med arbeidsgivaren sin. Etter ein femdagars

tur i 1985 vedtok styret derfor at selskapet skulle betale

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

119

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!