05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kommunestyret. Det var rådmannen som svara. Han la fram ei

grundig orientering som i hovudsak var i samsvar med HVPUgruppa

i fagforeninga og RV sitt syn. Han slo fast at dei to som

fylde kvalifikasjonskrava i utlysinga, ikkje vart tilsett og at

avgjerda i administrasjonsutvalet burde ha vorti anka. Han sa

seg svært lei for at fleirtalet i administrasjonsutvalet gjekk på

tvers av innstillinga frå administrasjonen. Men sia avgjerda

ikkje vart anka og sia Leonhardsen hadde tatt i mot stillinga, så

var det ikkje meir å gjere. I kommunestyremøtet var det ingen

andre enn dei to RV-representantane som kom med open kritikk

av den måten saka var handtert på.

■ Tilsynsplikt i kommunane

Det er kommunestyret som er øvste organet i kommunen.

«Kommunestyret må derfor føre det overordnede tilsyn med

hele kommuneforvaltningen.» 71 Men det primære tilsynsansvaret

er fordelt på andre organ. Formannskapet er eit mindre

organ enn kommunestyret, og høver derfor betre til å ta seg av

fortløpande tilsyn. § 21 i kommunelova slår fast at «formannskapet

fører tilsyn med kommunens forvaltning» og seier litt

om kva det går ut på.

§ 37 i lova seier at «administrasjonssjefen skal føre det nærmeste

tilsyn med kommunens hele forvaltning og særlig med

penge- og regnskapsvesenet, ...»

Stort sett har kommunestyremedlemmer og formannskapsmedlemmer

tatt svært lett på tilsynsplikta. Smith-utvalet har

gjort greie for at dei som gjer det, er på kant med lova:

«At et organ har tilsynsansvar overfor et annet, innebærer at

det skal kontrollere og følge med i den virksomhet som drives

av det lavere plasserte organ.

I dette ligger bl.a. at det ansvarshavende organ må sørge for å

få den informasjon om virksomheten som er nødvendig for at

tilsynet kan foretas på forsvarlig måte. Forsåvidt faller denne

del av tilsynsansvaret sammen med plikten til å sørge for hensiktsmessig

kontroll.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

189

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!