05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

illeg frå kommunen. I det tilfellet var det ordførar Nordengen

som i juni 1985 - etter innspel frå daverande varaordførar Thorvald

Stoltenberg - ga pålegg til administrasjonen om at dei

skulle sjå vekk frå kven som var villig til å betale mest for tomta.

Det er vanskelegare å avdekke regelbrot og avtalt spel viss

sjølve salsprosessen blir delt opp i fleire ledd. Det kommunale

og tradisjonsrike Torggata Bad kom på private hender i 1988

etter ein slik spesialorganisert salsprosess. Det starta i 1982

med at ei gruppe forretningsfolk fekk leige eigedomen for 60

år, etter ein spesialsydd avtale der dei tok på seg å setje bygget i

god stand. Det stod i kontrakten at dei har «forkjøpsrett i festetiden»,

dvs. i 60 år. Men det sto ikkje at dei hadde rett til å få

kjøpe eigedomen under marknadspris. Da oppussinga var ferdig,

bestemte nøkkelpersonar i Rådhuset seg for å selje - utan

noe form for kunngjering. Dei snille leigetakarane fekk overta

heile eigedomen i 1988 til ein pris som låg titals millionar

under marknadspris.

■ Kjøp av varer

Kommunesektoren forvaltar omlag 20 prosent av brutto nasjonalprodukt.

Kommunale varekjøp er ingen stor prosentdel av

kommunebudsjetta, men kommunane er store og viktige kunder

for mange firma. Derfor kan kommunen ofte få store rabattar,

og den innkjøpsansvarlege kan få rabatt eller private gratisleveransar.

Oslo kommune sitt innkjøpsreglement slår fast at «ethvert

kjøp skal, uansett innkjøpsmengde, så langt det er mulig, baseres

på konkurranse». Det prinsippet blir krenka altfor ofte. I

dette reglementet er det tre former for kjøp som er nemnt, anten

det er varer eller tenester som skal kjøpast: Kjøp etter anbudskonkurranse,

kjøp etter forhandling og direkte kjøp.

Direkte kjøp er det berre høve til viss prisen er under

100 000 kroner, viss det berre finst ein muleg leverandør, eller

viss det er viktige omsyn som gjer at det ikkje går an å utsette

kjøpet.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

169

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!