05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Glassburet i gågata

Glassoverbygget i gågata i Bodø er eit anna prosjekt som Fram

og Jørgensen-familien er involvert i. Her er også Koch-familien

med. Dei eig eit varehus i gågata, som er ein del av Storgata i

Bodø. Glassoverbygget - eller glassburet - er planlagt å koste

tilsaman 53 millioner kroner før det er ferdig. Planen omfattar

ein garasje under gågata og oppgangar frå garasjekjellaren inn i

gågata, i tillegg til sjølve overbygget. På det viset blir det

muleg å sette seg i bilen vinterstid, køyre inn til sentrum, parkere

og spasere tørrskodd inn i varehuset til Koch, kinoen til

Jørgensen og dei andre foretaka som ligg inni glassburet.

Bystyret har hatt desse planane til handsaming fleire gonger.

Det har vori spørsmål både om reguleringsplan, utbyggjingsavtale

og om økonomisk tilskot til prosjektet frå kommunen.

Bodøpolitikarane godkjente reguleringsplanen for gågata 26.

mai 1988, saman med ein utbyggjingsavtale der kommunen

forpliktar seg til å delta i prosjektet med vel 2,5 millionar kroner.

Det vart likevel inga utbyggjing det året - mellom anna fordi

noen av samarbeidspartnarane trekte seg og fordi det vart

vanskar med å skaffe nok pengar til prosjektet. Derfor vart det

lagt fram forslag for bystyret om ein ny utbyggjingsavtale 10

dagar før julaftan 1989. Sjølv om rådmann Gisle Johnson, som

tidlegare nemnt, hadde felles økonomiske interesser med Jørgensen-familien

i Framgården på denne tida, var det han sjølv

som var ansvarleg for førebuinga av saka. Han foreslo at kommunen

skulle auke engasjementet sitt, frå 2,5 til 4 millionar

kroner. I tillegg foreslo han å feste bort den offentlege gategrunnen

i gågata til utbyggjarane - dvs. Koch, Jørgensen & co.

- i 30 år mot ei årleg leige på 1 krone pr. år.

Korleis det gjekk ? Jau, gågateutbyggjarane fekk det nesten

som dei ville. Bystyret auka det kommunale tilskotet til 4 millionar

kroner, mens det til slutt vart vedtatt at gategrunnen skulle

festast bort nesten gratis «berre» i 10 år før kommunen kan kreve

marknadspris. Ordførar Pettersen ivra for at utbyggjarane

skulle få leige for 1 krone året heile 30-årsperioden, slik som

rådmannen hadde gått inn for, men her vart dei to nedstemt

med knapp margin.

50

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!