05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

arbeidsutvalet i Grønland Byfornyelse. Når sakene kom til styret,

var det helst som referatsaker. Det er heller ikkje muleg å

lese seg til kva dei jobba med i styret til eikvar tid. Protokollane

gir eit blikk inn i selskapet, men ikkje noe fortløpande

oversyn.

Slik Grønland Byfornyelse fungerte i praksis, ser det ut som

om selskapet berre har vori ei forlenging av administrasjonen i

Fagbygg og arkitektfirmaet Fosse & Aasen. Fagbygg hadde i

praksis fast avtale om å bygge. Dei måtte berre levere eit pristilbod

først. Ein gjennomgang av dei ferdige anlegga Fagbygg

har levert, syner at det dreier seg om kontraktar for mange

titalls millionar kroner. Det første bygget som vart reist for

Grønland Byfornyelse, var ferdig i 1983. Det var kontorbygget

på Grønland. Året etter kom bustadblokker på Grønland. I 1985

vert det bygd eit kontorbygg, eit bygg for ABC-bank, og Grønland

Trygdebolig for Oslo kommune. Her er ikkje Grønland

Byfornyelse byggherre, men bygga er reist i dei kvartala som

selskapet arbeidde med. Året etter kom så Goethe Institut og

apoteket Hjorten. Det største prosjektet på Grønland har likevel

vori bustadkvartalet Jenssens Have.

Jenssens Have, med 230 leiligheter, vart utbygd i fire trinn

med byggestart i april 1986. Dei to første trinna vart bygd og

seld utan nemneverdige problem. Men då dei to siste sto klare,

var det nedgang i bustadmarknaden. Det vart tungt å selje. Da

selskapet hadde lite aksjekapital å tære på, var konkursen ikkje

til å kome ifrå, om ikkje bykassa skulle brukast som redningsplanke.

Rett nok var det ein person i styret som prøvde å unngå problema.

Det var bankens mann, direktør Arnt Sundli. I oktober

1988 ba han styret vurdere å stoppe det siste byggetrinnet,

eventuelt å reforhandle kontrakten med Fagbygg. Fridtjov

Johansen fekk i oppdrag å ta opp saka med Fagbygg. Resultatet

vart ingen stopp, men ein reduksjon i prisen.

For Fagbygg har Grønland Byfornyelse vori ei mjølkeku.

Fagbygg fekk den prisen dei ba om. Til dømes var prisen på

D 2, det minste av byggetrinna i Jenssens Have, på vel 27 millionar

kroner. Dette godkjente styret 5. februar 1987. Men selskapet

har ikkje berre hatt monopol på oppdrag. Fagbygg har

106

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!