05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

at det er dei rike familiane som dominerer det heile og at dei

har dei kommunale hjelparane som dei har bruk for - for tida

hovudsakleg i Bodø Arbeidarparti. Desse hjelparane er villige

til å bryte lovleg fatta vedtak i politiske organ, dei ser vekk når

habilitetsparagrafen i forvaltningslova skal brytast, og dei gir

blaffen i kommunelova som slår fast at ordføraren er ansvarleg

for at alle formannskaps- og bystyresakene er «forberedt på forsvarlig

måte».

Men desse eksempla viser og korfor det er så viktig å reise

kampen mot korrupsjon og kameraderi. Dei fire kommunale

millionane som no er gravd ned i ein garasjekjellar under gågata,

kunne ha vorti brukt på anna vis, på ein måte som folket i

Bodø var betre tent med. Fylkesmannen i Nordland nekta Bodø

å byggje trygdebustadene på Tverrlandet, fordi investeringspengane

alt var brukt opp på Nordlandshallen. Bodø kommune

vart og landskjent hausten 1990, for første gong sida Bodø-

Glimt vann cupfinalen, då dei tok ein stor del av den statlege

«eldremilliarden» og putta inn i dei tomme hola i kommunebudsjettet,

i staden for å bruke pengane til formålet. Det var RV

i Bodø som etterforska dette «eldreranet» og slo alarm. Oppklaringa

førte til at pengane kom til rette att og blir brukt på riktig

vis - til beste for dei eldre i Bodø. Men ingen av dei ansvarlege

vart dømt for ransforsøket.

Det er fleire grunnar til at vi reknar med det blir fleire, liknande

eldreran i Bodø, også i den neste valperioden:

- Dei få familiedynastia som styrer byen, står ikkje på val i

år heller.

- Dei mektigaste byråkratane i det kommunale systemet blir

neppe bytta ut før dei går av med pensjon.

- Ordførar Per Pettersen er ein sjølvsagd ordførarkandidat

frå Arbeidarpartiet.

- Og om Høgre og/eller Framstegspartiet skulle vinne «makta»,

så er det ingen grunn til å tru at dei vil ta kampen opp

mot det edderkoppnettet som dei mektige familiedynastia i

byen har spunni rundt bystyret i Bodø.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!