05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

øystes at «Sør-Varanger kommune ønsker ikke å gå til rettslig

forfølgelse pga. påstandar satt fram om 'korrupt opptreden'.»

Men saka vart ikkje fullt oppklara. I løpet av møtet vart det

klart at det var ordførar Olsen og daverande rådmann som i

1986 hadde tatt initiativ til forhandlingar med hotelleigarane.

Likevel ba ordførar Olsen innstendig om å bli trudd på at han

ikkje hadde hatt tilgang til dei dokumenta som kommunestyret

hadde etterlyst fleire gonger, og som Rafaelsen omsider hadde

fått til å offentleggjere gjennom Sør-Varanger Avis. «De papirene

fikk jeg først i hende sist torsdag,» sa Olsen. Ettersom eitt

av desse dokumenta var nesten to år gammalt - frå november

1986 - og hadde Olsens eiga underskrift, så er det berre to

muligheter: Anten snakka ordføraren usant på nytt og mot betre

vitande, eller så påstod han at einkvan annan hadde forfalska

underskrifta hans i november 1986.

Mens ordførar og rådmann slikka såra sine og kanskje var

glad til for at dei korkje vart gjort økonomisk eller juridisk

ansvarleg for handlingane sine, kunne hotellaksjonærane konstatere

at alt hadde gått bra. Det kommunale driftstilskotet fram

til år 2004 var ikkje i fare.

Kampen mot lokalavisa

Fylkesordførar Fløtten vart nok lite glad for utfallet av kommunestyremøtet

i september 1988. I alle fall gjekk han til privat

søksmål mot Sør-Varanger Avis.

Fløtten sin advokat argumenterte med at «nyere rettspraksis

innebærer en markant økning i oppreisningsbeløpene i ærekrenkelsessaker».

Han bygde på dommen i Ellefsensaka der

Dagbladet var dømt til til å betale ein aksjespekulant «250 000

kroner i oppreisning for uriktige beskyldninger om skattefusk».

Lokalavisa sin advokat understreka at «det er hele det politiske

spill for å tildekke beslutningsprosessen i kinosaken, som

karakteriseres som 'korrupt kameraderi'. Karakteristikken retter

seg i hovedsak til Arbeiderpartiets og i særdeleshet ordføre-

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

69

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!