05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

På denne tida hadde ein av dei eldste i Nå-staben - journalist

Hans Chr. Finstad - komi på sporet av Sandstrøms merkelege

attestutskrivingspraksis. Berre noen få andre i redaksjonen

kjende til kva han arbeidde med. Utafor redaksjonen var dette

kjent berre for den eller dei som hadde sett Finstad på sporet.

Derfor vart han storleg forundra da kontortelefonen hans

ringte og han høyrde stemma til Jon Sandstrøm i andre enden

av tråden. Sandstrøm ville vite kvifor Finstad hadde begynt å

interessere seg for psykologpraksisen hans. Psykologen vart

svar skyldig da Finstad svara med eit motspørsmål om kvifor i

all verda han som var journalist i Nå skulle ha grunn til å interessere

seg for Sandstrøms liv og levnet som psykolog.

Denne episoden gjorde sitt til at Finstad og medhjelparane

hans i Nå-redaksjonen vart enda meir forsiktige. Dei fann inga

rimeleg forklaring på korleis Sandstrøm hadde fått kjennskap

til det svært forsiktige og svært diskrete oppnøstingsarbeidet

dei hadde sett i gang.

Svaret fekk dei noen dagar etter at dei trykte den første

reportasjen sin med tittelen «Du kan kjøpe deg fri fra fengselsstraff».

Frilansfotografen - som hadde vori ivrig og interessert

etter å ta på seg oppdrag i samband med psykologreportasjen -

forsnakka seg grovt. Alv B. Aronsen - ein av dei i redaksjonsleiinga

som kjende stoffet - hadde ei kjensle av at det var noe

som ikkje stemte. Og da han gjekk litt innpå frilansfotografen

med skarpe spørsmål, glapp det for han:

«Nei, eg var ikkje inne hos Sandstrøm, eg ringte frå utsida.»

Etter den replikken var samanhengen oppklara. Fotografen

la korta på bordet og fortalde korleis det heile hadde starta for

hans del. Han hadde fått vite at Sandstrøm kunne hjelpe han til

å sleppe unna militærteneste. Viss han berre var villig til å betale

for det. Han fortalde redaktør Aronsen og daverande

sjefredaktør Støa i Nå at han hadde betalt 32.000 kr. for å få ein

attest som var god nok til at han vart stroken av dei militære

rullane. Han betalte ikkje direkte til psykologen. Det var Hasse

Meinhof Korter som var pengeinnkrevar. Da han hadde «tilstått»

dette overfor kollegaer og overordna i Nå, lova fotografen

at han skulle stille opp hos politiet og gjenta forklaringa

der. Men han møtte ikkje fram den dagen han vart innkalla.

35

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!