05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

og alfabetisk etter namn på eigar.

Eigedom får du greie på hos sorenskrivaren. Her ligg grunnboka,

som gir opplysning om eigar av all fast eigedom, og alle

lån på eigedomen er innført. Det er ordna etter gårds- og bruksnummer,

men som regel held det om ein kan oppgi nøyaktig

adresse. Her kan alle komme og spørje. Du har rett til å skrive

av opplysningane utan å betale. På teknisk etat i kommunen

kan du kome og sjå alle dokument i utbyggjings- og reguleringssaker.

Vil du finne ut noe om eit firma som har gått konkurs, har

du rett til å få kopi av bustyret sin rapport. Det får du hos Skifteretten,

eller hos sorenskrivaren. Advokaten som er oppnemnt

som bustyrar, kan som regel hjelpe med dette og meir til.

Ei anna nyttig kjelde er oversiktene som kvar kommune og

fylkeskommune har over tilsette og folkevalde, og kva verv dei

har. Dette kan du til dømes samanlikne med styresamansettinga

i kommunale eller andre aksjeselskap.

På biblioteka finst ei rekkje nyttige oppslagsverk som kan

hjelpe deg vidare. Ei særleg grei bok er «Samfunnsboka» som

Statens informasjonsteneste utgir. Her får ein svar på reglane

som gjeld, og kvar ein skal spørje om det aller meste. Du vil og

få bruk for Norges Lover. Biblioteka kan skaffe både lovbøker

og offentlege utgreiingar, samt framlegg frå departementa og

anna offentleg materiale. Stortingsmelding nr. 7 om «Statlige

styrer, råd og utvalg» gir kvart år eit oversyn over kven som sit

i alle mulege offentlege utval og organ. Ei anna nyttig kjelde

kan vere det nye oversynet over kva for næringsinteresser dei

ulike stortingspolitikarane har.

Ikkje gløym telefonkatalogen. Avisene sine klipparkiv er bg

nyttige kjelder. Står du heilt fast kan det vere nyttig å prøve

Universitetsbiblioteket i Oslo. Alle som gir ut skriftleg materiale,

har plikt til å levere eit eksemplar dit. Telefonnummeret er

02 - 55 56 30.

Vil du finne ut kva for uformelle kontaktpunkt det er

mellom to personar, så tenk igjennom tidlegare stillingar, noverande

og tidlegare tillitsverv i politikk og organisasjonar, bakgrunn,

oppvekst og studietid osv. Meiner du at dei kan ha vori

studiekameratar, er skolar og universitet pliktige til å opplyse

214

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!