05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

så alvorlege at han sjølv hadde tatt initiativ overfor den høgste

instansen i påtalemakta for å få han til å engasjere seg i saka.

Føremålet var å «låne autoritet» frå Riksadvokaten - slik at den

medansvarlege Tetzschner sjølv kunne stå fram som ein ubesudla

Mr. Clean. Fordi 'initiativet' ikkje var anna enn ein uforpliktande

telefonprat, stod Tetzschner seinare heilt fritt utan å

ha involvert seg som part i den saka mot Svelland som politiet

til ein viss grad etterforska. Da statsadvokaten hausten 1990

vedtok å leggje vekk saka mot Svelland «på grunn av bevisets

stilling», hadde Tetzschner minst like god grunn som Hans

Svelland til å puste letta ut. 'Mr. Clean'-biletet av Michael

Tetzschner hadde neppe overlevd ei straffesak mot tidlegare

byrådskollega Hans Svelland.

Fylkesmann Kåre Willoch kom i ei politisk knipe med noen

likskapstrekk da han fekk første innstillinga frå Smith-utvalet

på bordet. Korleis skulle han handtere spørsmålet om politietterforsking

mot dei politikarane som hadde gjort seg skyldige

i ei lang rekkje lovbrot? Willochs 'løysing' var - etter ein god

del grubling - å overlate avgjerda til Riksadvokaten, som på si

side sendte saka over til Eidsivating Statsadvokatembete. Dermed

var det statsadvokat Bjørn Kristensen - og ikkje den lytefrie

fylkesmann Willoch - som fekk mediebelastninga med å

lage ei grunngiving for at det ikkje var grunn til etterforsking

mot politikarane. Og fylkesmannen kunne vaske hendene sine

og berre la vere å blande seg inn i statsadvokaten si vurdering

og avgjerd. Ein fylkesmann skal jo sjølvsagt ikkje gripe inn i

det som Statsadvokaten steller med.

■ Møte avsløring med løgn for å sleppe unna ansvar

Dette skjer i mange variantar. Vi har fleire gonger møtt personar

som er djupt innblanda i korrupt misbruk av pengar og tillitsposisjon,

men som står steinhardt på det motsette: «Eg har

da aldri gjort noe gali. Eg har ikkje fått så mykje som ein lunsj

utan å betale for det sjølv, osv.» Slike folk kan verke tillitvekkjande

og dei er usannsynleg frekke. Dei ser deg rett inn i kvitauget

og står fast på at dei er uskyldsreine som barn i mors liv.

172

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!