05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

sak som er inne for Byretten. Svaret var nei.» 1

Så det er ikkje tvil om at byrådsleiar Tetzschner både kjende

til dei kommunale reglane og ga eit korrekt svar til bydelspolitikaren

som meinte ho hadde opplevd regelstridig framgangsmåte

frå bydelsutvalet. Men der stoppa nok engasjementet

hans. Sjølv om han på dette viset engasjerte seg personleg i

saka med 'uformell' rådgiving til ein partifelle på bydelsnivå,

sørga han ikkje for korrekt handtering av ankespørsmålet i det

byrådet og den Sentraladministrasjonen som han sjølv var øvste

leiar for.

På nyåret 1989 var Bjørkly utestengt frå jobb. Ho fekk løn,

men vart nekta å arbeide. Etter avisomtale vart dette 'løyst'

gjennom ei udatert beordring.

Etter kvart må arbeidsgruppa i Rådhuset ha vorti bekymra

for korleis dette skulle gå i Lagmannsretten. Sommaren 1989

fekk ein av dei ein original idc". Etter at kommunen først hadde

anka byrettsdomen, ville dei no i staden prøve å få Lagmannsretten

til både å avvise heile saka og samtidig i realiteten oppheve

den byrettsdomen som kommunen hadde anka!

Den 2. august 1989 ba kommuneadvokaten Eidsivating Lagmannsrett

avvise saka fordi den legen som vart tilsett i Bjørklys

stilling, no hadde sagt opp. Kommuneadvokaten meinte å vite

at Sonja Bjørkly ikkje lenger hadde «rettslig interesse» av det

positive utfallet saka hennar hadde fått i byretten: «Når kravet

som reises er å få kjent et ansettelsesvedtak ugyldig, faller den

rettslige interesse i søksmålet etter kommunens syn bort når

den som er ansatt selv sier opp, slik at hans ansettelse ikke

lenger er et hinder for Sonja Bjørkly med hensyn til å få helsesjefstillingen.»2

Kommunen tar seg altså fridom til å slå fast kva kommunens

motpart kan ha rettsleg interesse av. Og ved første gjennomlesing

kunne ein jo tru at dette betydde at Bjørkly no skulle få

den stillinga som ho etter byrettsdommen hadde krav på. Kommuneadvokaten

var rask til å rydde vekk ei slik misforståing,

for han avslutta slik: «Jeg tilføyer for ordens skyld at avvisning

av saken ikke innebærer at Sonja Bjørkly er å anse som ansatt i

stillingen.» Med dette utspelet håpa «arbeidsgruppa» og Byrådet

å få avslutta saken med nederlag for Bjørkly, trass i at ho

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

87

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!