05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

este skjønn, kjem i skade for å medverke til feilaktige avgjerder

som påfører det offentlege unødvendige utgifter.

Ein bruksdefinisjon til norsk kvardag

Ordet «korrupt» kjem frå latin og betyr eigenleg omlag det

same som 'utskjemt' eller 'forderva'. Ein bruksdefinisjon på

«korrupsjon» kan dermed vere eit saksforhold som det luktar

av, eit råttent opplegg. Saka luktar fordi formelle spelereglar og

normer har vorti brotne. Og stanken forsvinn ikkje, fordi noen

har lagt eit lokk oppå heile greia. Dersom det ikkje blir lufta ut,

så vil rotenskapen spreie seg, og den tar snart til å forderve det

som er rundt.

I ei korrupsjonsopprydding er det såleis ikkje nok berre å

fjerne dei som allereie er heilt forderva og oppråma - eller daude.

Det er 6g nødvendig å vippe bort lokket - dei som sit på

toppen og stenger. På dette viset slepp rein luft inn i systemet,

og det blir levelege tilhøve igjen.

Regelbrot og uryddig forvaltningspraksis fremjer

korrupsjon

Det er tett samanheng mellom korrupsjon og ulike former for

lov- og regelbrot i offentleg forvaltning. Dess meir vanleg det

er å styre ein kommunal etat uavhengig av dei formelle reglane

som gjeld, dess større er faren for at korrupsjonen får innpass i

utsette delar av etaten. Smith-utvalet har konstatert at det er slike

samanhengar i Oslo kommune:

«Statens Granskingsutvalg er enig i at korrupsjon vil kunne

bli lettere å gjennomføre hvis bestemte typer av andre former

for lovbrudd blir akseptert; dette gjelder bl.a. brudd på

lovbestemmelsene om habilitet. Også den generelle holdning

i vedkommende etat eller kommune til betydningen av

av å respektere gjeldende rett, vil kunne ha stor betydning

for forekomsten av misligheter. Og visse organisasjons- og

beslutningssystemer vil lettere enn andre kunne legge til rette

for korrupsjon og lignende forhold» 1° .

126

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!