05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

utkikk etter tomt til barnehage, som oppdaga det politikargodkjende

småtomtesalet i Oslo i 1989, der kommunen vart svindla

for millionbeløp.

Det som skjer på arbeidsplassen din, i nærmiljøet eller saker

du personleg kjem borti, er gode utgangspunkt for gravinga.

Erfaringa til Oslo RV sitt anti-korrupsjonsutval viser at du ikkje

treng å snu kvar einaste stein i mils omkrets før du finn noe å

gripe fatt i. Nesten overalt kor du stikk spaden i jorda, vil du

finne noe som ikkje skulle vori der, og som bør fram i lyset.

Anti-korrupsjonsutvalet i Oslo RV kom saman første gong i

januar 1989. Utgangspunktet var ei stor utbyggjingssak i kommunen,

der det viste seg at kommunale «tenarar» hadde skodd

seg grovt. Vi bestemte oss for å halde fram med byggesaker, for

det viste seg at i skjeringspunktet mellom kommunale utbyggingsvedtak

og kjøp av tenester, ligg ei stor myr av ukontrollerbare

og uoffisielle avtalar som fører til misbruk av dine og

mine skattepengar.

Korleis organisere arbeidet reint praktisk?

Gå saman med folk som er innstilt på å stå løpet ut og samtidig

vere diskrete.

Skriv straks ned det du høyrer og ser, med nøyaktig tid- og

stadfesting. Skriv ned namn på personar som er innblanda og

kvar dei held til. Skriv ned namn på kjelda for opplysningane,

samt telefon og adresse. Referer så nøyaktig du kan, og ta med

gode sitat som kan kome til nytte seinare.

Lause lappar og omtrentlege opplysningar vil garantert føre

til rot og trøbbel i ein pressa situasjon. Tenk på at det er bevis

du samlar.

Samle mest muleg skriftleg dokumentasjon om saka, og ordne

papira i ein ringperm med skilleark, om du ikkje har PC. På

den måten held du orden på informasjonen, og heile gruppa kan

halde seg ajour med kor de står.

Diskuter trinn for trinn i gruppa etter kvart som de får greie

på nye ting og summer opp kvar de står. Den brikka som mang-

211

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!