05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

med minst 2 års fengsel.

I § 185 er det fastsett straff på inntil 2 år for «den som forfalsker

en offentlig Protokol eller medvirker hertil».

§ 187 er retta mot den som helt eller delvis «ubrugbargjør et

Dokument, eller medvirker hertil». Her er straffa inntil to års

fengsel, men inntil fem år, dersom dokumentøydeleggjinga er

skjedd «som Middel til forøvelse av en Forbrydelse, der kan

medføre 2 Års Fængsel eller strengere Straf.» Denne paragrafen

blir ofte bryti i samband med korrupsjonssaker. For dei

mistenkte er det viktig å fjerne eller øydeleggje avslørande

dokument. Men det er sjeldan at slik øydeleggjing av dokument

i praksis blir likestilt med dokumentforfalsking. Det finst nesten

ikkje rettspraksis på at politikarar eller tenestemenn er dømt

etter denne paragrafen.

Så er det til slutt eit forbod i § 189 som bl.a. kan bli brukt

mot helsepersonell: «Den, som i inden- eller udenlandske

offentlige Dokumenter eller Bøger eller i Lægeattester afgiver

uriktig Erklæring angaaende nogen Begivenhed eller Omstændighed,

hvortil Erklæringen er bestemt til at afgive Bevis, eller

som bevirker eller medvirker til, at saadan Erklæring afgives,

straffes med Bøder eller med Fængsel indtil 1 Aar, men indtil 3

Aar saafremt Hensigten har været at forskaffe sig eller andre en

uberettiget Vinding eller at skade ngen».

Eksempel: Ein 33-åring var tilsett som mellombels assistent

ved Statens Bilfordelingskontor i Oslo i den tida folk måtte ha

løyve for å kjøpe bil. For 600 kroner skaffa han fram slike løyve

til 6 namngitte personar. For å skaffe fram dei falske kjøpeløyva,

viska han ut namna på ferdig utfylte dokument - og sette

inn nye namn. Forhørsretten dømte han til 6 månaders fengsel

utan vilkår for brot på bestikkelsesparagrafen (straffelova,

§ 112/113) og dokumentfalskparagrafen (straffelova, § 183).

Når dokumentfalsk berre ein sjeldan gong blir påvist, har det

til dels å gjere med at kontrollen er for svak. Vi har f.eks. høyrt

påstandar om tilføying av tal på enkelte fakturaer frå eit privat

firma til ein kommunal etat, etter at fakturaen er utskriven og

etter at kopien er arkivert hos sendar. Skal dette påvisast, må

skattemyndighetene både gjennomføre svært nøyaktig bokettersyn

og samarbeide tett med kommunerevisjonen og samanlikne

147

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!