05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

og kommunerevisjonen har klarlagt at gavebevilgninga til blikkenslagaren

var i strid med kommunens interesser, eller «organisasjonens

egne regler og formål». Det er heller ikkje særleg

tvil om at eit slikt - ferdiginstallert - boblebad må reknast med

mellom «omsettbare økonomiske goder».

Den samfunnsmessige definisjonen

Det er jusprofessor Carl August Fleischer som har gått lengst i

å forme ein korrupsjonsdefinisjon som verken er avhengig av

lovtekst eller av konkret påviste pengeoverføringar. Når det

gjeld korrupsjon i samanheng med offentlege stillingar og

offentlege politiske verv, har Fleischer lagt hovudvekta på kva

som blir det samfunnsmessige resultatet av politikaren eller

tenestemannen sine handlingar:

«Samlet sett kan vi si at det korrupte Norge - i forhold til

offentlige stillinger, tillitsverv og posisjoner - består i at det finnes

personer som opptrer slik at de ivaretar egne eller andres

spesielle interesser. Disse interesser ivaretas istedenfor samfunnets

interesser eller i større grad enn det er grunnlag for eller

rettslig adgang til» 9 .

Fleischer legg altså hovudvekta på den samfunnsmessige verknaden.

Han ser på kva som er sluttresultatet av politikaren eller

tenestemannen sin handlemåte.

Ein slik korrupsjonsdefinisjon burde vere ei bra rettesnor og

eit bra verkty for alle som vil forhindre korrupt ressursbruk i

offentleg sektor. Men da må ein vere klar over at det berre er

ein liten del av dette verkelege korrupsjonsfenomenet som kan

bli ramma av paragrafar i straffelova. Og ein skal passe seg for

å misbruke denne definisjonen slik at all feilaktig bruk av ressursar

i offentleg sektor automatisk blir 'korrupt'. Da ser ein

bort frå det leddet i Fleischers definisjon som omtaler «personer

som opptrer slik at de ivaretar egne eller andres spesielle

interesser». Denne formuleringa krev ein viss grad av personleg

initiativ og tiltak frå den korruptes side. Det rammar ikkje

dei som heilt uforvarande, og trass grundige undersøkingar og

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

125

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!