05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

over. Også Eliassen kom i utgangspunktet frå Bygning-miljøet.

Samstundes med at Jacobsen satt som nestformann i Grønland

Byfornyelse, var han nestformann i Bygning fram til landsmøtet

i 1982, då Kjell Martinsen overtok. Samstundes var han åg

nestleiar i Fagbygg sitt styre inntil 1983.

Men Jacobsen var og styremedlem i OBOS (Oslo og omegn

Bolig- og Sparelag). Då formannskapet i Oslo valde kommunale

representanter til styret der i 1978, fall valet på Villy Jacobsen

som Aps mann. Forbundsformann og styreformann i Fagbygg,

Odd Isaksen, vart varamann for Jacobsen i OBOS. Jacobsen

heldt fram i OBOS til 1983, medan varamann Odd Isaksen

tok vare på Bygning og Fagbygg sine interesser fram til 1988. I

same periode som Villy Jacobsen sat parallelt i OBOS-styret og

i styret for Grønland Byfornyelse, fekk Fagbygg ferdig åtte

prosjekt for OBOS i tillegg til dei som vart bygd for eller i

området til Grønland Byfornyelse. Det største var Ravnåsen

Borettslag på Holmlia med 661 bustader, som vart ferdig i

1983.

Men Villy var ein allsidig kar som rakk over meir. Han fekk

også tid til å vere styremedlem i Oslo Arbeiderparti. Og i heile

perioden som nestformann i Grønland Byfornyelse var han

aktiv i lokalpolitikken. Han sat i bystyret frå 1984 til 1988. Han

har i tillegg vori med i mange råd, nemnder og komitear, vori

medlem av forstandarskapen i Spareskillingsbanken og varamedlem

i Overtakstnemnda. I 1984 kom han med som varamann

i ein ny komite: Kirken Bygger. Han vart vidare formann

i Bygge- og vedlikehaldskomiteen som skulle føre tilsyn og

kontroll med Bygge- og vedlikehaldsetaten i Oslo kommune. I

1989 vart det avslørt at denne etaten var eit korrupsjonsreir. Det

hadde verken Villy Jacobsen eller Bygge- og vedlikehaldskomiteen

lagt merke til. I 1986 vart Jacobsen medlem av byutviklingskomiteen

og formann i desisjonsutvalet. I desisjonsutvalet skulle

han sjå til at kommunerevisjonen - som Zig reviderte rekneskapen

til Grønland Byfornyelse A/S - gjorde ein skikkeleg jobb.

Etter konkursen i Grønland Byfornyelse A/S sa både ordførar

Peter N. Myhre og styreformann Ivar Moe at det var kommunerevisjonen

si skyld at det hadde gått så gali. Kanskje dei

heller burde ha kritisert styrekompis Villy Jacobsen?

109

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!