05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

166 om innsynsretten etter Offentlighetslova og Forvaltningslova).

Blir du avvist når du ber om innsyn, så må du ikkje gi

deg med det. Be om å få vite lovheimelen for å avvise deg. Tilkall

sjefen viss det ikkje hjelper. I verste fall må du klage til

Fylkesmannen og i siste instans til Sivilombudsmannen.

Det finst ei mengd av offentlege register som du heilt eller

delvis kan få gratis opplysningar frå. Her skal vi nemne noen få

av dei som kan vere aktuelle ved korrupsjon.

Registra i Brønnøysund er ei svært nyttig kjelde til mange

opplysningar. Her finn du mellom anna foretaksregisteret og

rekneskapsregisteret. Hit kan du ringe og spørje om aksjeselskap.

Om du veit kva kommune selskapet er registrert i, får du

greie på mellom anna kven som sit i styret, kva aksjekapitalen

er og kven som hadde aksjer da selskapet vart stifta.

Aksjeboka der alle aksjeeigarar er innført med adresse, er eit

offentleg dokument som skal finnast på selskapet sitt kontor

eller hos forretningsføraren. «Aksjeboken skal holdes tilgjengelig

for enhver» står det i aksjelova. Dette gjeld ikkje berre private

aksjeselskap, men også dei selskapa som er heilt eller dels

eigd av kommune eller stat.

Frå rekneskapsregisteret kan du - mot betaling - få tilsendt

kopi av årsrekneskapen til aksjeselskapa, og du kan få årsmeldinga.

Eit anna Brønnøysund-register er «løsøre-registeret». Her

får du greie på gjeld som folk har, til dømes på bilane sine. Du

må kunne oppgi bilnummeret.

Enda eit register i Brønnøysund er ektepakt-registeret. Her

kan du finne ut om ein person til dømes har oppretta særeige.

Har du namn og personnummer, kan du da finne ut om verdiar

er overført til ektefellen.

Når du ringer til Brønnøysund, betalar du berre lokaltakst.

Telefonnummeret dit er 086-25 000. Dersom du bestiller noe

skriftleg materiale, må du betale. For tida kostar det 210 kroner

for ein årsrekneskap.

Har du namnet på ein bileigar, kan du få nummeret på bilen

hos Biltilsynet, men dei er ikkje pliktige til å oppgi det. Det er

dei heller ikkje hos politiet, som skal føre register over alle

småbåtar og fritidsbåtar. Dei er ordna fylkesvis etter nummer,

213

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!