05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

hadde vunni fram i byretten.

To dagar før julaftan 1989 plukka Lagmannsretten kommuneadvokatens

argument i småbitar, og slo fast at Bjørkly utan

tvil hadde sterk interesse av ei rettsavgjerd i samsvar med

byrettsdomen.

Men arbeidsgruppa ga seg ikkje. Dei la inn nye kommunale

ressursar i ein klage til kjæremålsutvalet i Høgsterett. Heller

ikkje dette nytta. Kjæremålsutvalet slo 3. april 1990 fast det

som er soleklart for dei fleste, nemleg at «en forbigått søker til

en offentlig stilling må ansees å ha rettslig interesse i søksmål

om ansettelsesvedtakets gyldighet». - Det tok åtte månader -

med omfattande advokatinnsats og store kommunale utgifter -

frå arbeidsgruppa fekk avvisningsideen sin og til dei - og Oslo

kommune - lei fullstendig nederlag i Høgsterett.

Hausten 1989 reiste RV spørsmål om saka i bystyret fleire

gonger, og kravde svar frå Byrådet. Dette var eit forsøk på å

trekke saka inn i eit åpent og kontrollerbart forum. Men byrådane

ga ufullstendige og misvisande svar. Dei heldt skjult for

bystyret at dei prøvde å nå fram med avvisningskravet sitt i

Høgsterett. Byråd Fritz Huitfeldt feilinformerte dei folkevalde

fleire gonger. 15. november 1989 sa han til bystyret at begge

rettssakene var «påanket til lagmannsretten og står for behandling

i rettsapparatet». 10. januar 1990 nekta han å svare på

spørsmål om kvifor byrådet heldt ein del av saksgangen hemmeleg

for bystyret og sa berre at «jeg vil foreslå at dette spørsmålet

som reises nu, heller tas opp i de rettsforhandlinger som

skal skje for lagmannsretten». Men sannheta var altså at byrådet

på dette tidspunktet satsa alt på å sleppe unna behandling i

Lagmannsretten. Byrådane som svara i bystyret, fortalde heller

ikkje at byrådet hadde sett bort styringa av saka til ei arbeidsgruppe

der den eine parten i saka var med.

Da Lagmannsretten tok fatt på saka i november 1990, kom

den sannsynlege forklaringa på det kostbare, men mislykka

avvisningsforsøket: Oslo kommune vedgjekk at det var håplaust

å føre saka for Lagmannsrett og ønskte i staden å få til eit

forlik! 5. november 1990 måtte Michael Tetzschner gå på eit

rettsforlik som var knusande for kommunen sjølv, når ein ser

det i forhold til det som var kommunens standpunkt og argu-

88

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!