05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Oppslagsord

Vi har plukka fram ein del lovparagrafar og reglement som skal

følgjast i kommunal saksbehandling. Vi har dg prøvd å systematisere

ein del metodar som ofte blir brukt for å omgå lov- og

regelverket og for å beskytte korrupsjon. Ein del av metodane

som er tatt med, er ikkje straffbare etter noverande lov og rettspraksis.

Kvar enkelt metode eller handling treng heller ikkje

vere korrupt i seg sjølv. Når det er sagt, trur vi det metodeoversynet

vi har laga, kan vere nyttig viss du vil lære deg å «kjenne

lusa på gangen» og dermed skjerpe di eiga og andres årvåkenhet

mot korrupsjon og korrupsjonsliknande handlemåte i

offentlege organ.

■ Anbud

Anbud er ein framgangsmåte ved innhenting av pristilbod. Dei

leverandørane som er interesserte, skal ha lik mulighet til å seie

frå om kva pris dei vil ha for ei bestemt vare eller teneste til

bestemt tid. Tilsvarande framgangsmåte kan brukast til dømes

ved sal av kommunal eigedom. Alle som deltar i ein anbudskonkurranse

skal ha same tilgang på informasjon, dei skal

levere tilboda sine innan ein kjent frist, og ingen av dei skal bli

orientert før fristen om kva slags tilbod andre har komi med.

Anbud skal sikre at leverandørar og entreprenørar må konkurrere

på pris utan å gå under førehandsdefinerte kvalitetskrav.

131

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!