05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Tidlegare byrådsleiar i Oslo, Hans Svelland (H), «stansa»

NRKs kritiske reportasjeteam i november 1988 ved å betale ein

velrenommert advokat for å truge dei med injuriesøksmål. Det

vart aldri noe søksmål, men det vart stille på P1.

Fylkesordførar Erling Fløtten (Ap) i Finnmark brukte samtidig

den same metoden mot Sør-Varanger Avis i Kino-saka

hausten 1988.

■ Gåver

Det er ein uklar og flytande overgang mellom gåver og bestikkelsar.

Fram til 1990 har det på leiande hald i stat og kommune

vori fint liten interesse for å definere kor grensa skal gå. Ein

tidlegare tilsett i Boligetaten i Oslo kommune fortel at han for

noen år sia spurde sjefen sin om kva han hadde lov å ta i mot.

Svaret var enkelt: «Det du kan klare å bere med deg».

I tenestemannslova frå 1983 - som berre gjeld i staten - er

det i § 20 eit rundt formulert forbod mot å motta gåver o.l. i

tenesta:

«Ingen embets- eller tjenestemann må for seg eller andre

motta gave, provisjon eller annen ytelse som er egnet til,

eller av giveren er ment, å påvirke hans tjenestlige handlinger,

eller som det ved reglement er forbudt å motta. Overtredelse

kan medføre ordensstraff eller avskjed.»

Ordensstraff er etter same lova «skriftlig irettesettelse eller tap

av ansiennitet fra en måned til to år». Lova opnar for å bruke

degradering til lågare stilling som ordensstraff.

Da sorenskrivar Bjørn Stordrange i 1989 undersøkte om det

var laga nærmare reglar for dette, var svaret negativt overalt.

Personaldirektoratet hadde ikkje registrert at det fantest slike

retningsliner. Finansdepartementet opplyste at dei fleire gonger

hadde drøfta om det var ønskjeleg med nærmare reglar. Men

dei hadde ikkje gjort noe med det35.

Det har stort sett vori like uklart i kommunane. Men i løpet

av 1990 oppsto det ein plutseleg iver etter å lage etiske reglar,

149

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!