05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Han møtte heller ikkje etter den andre innkallinga. Politietterforskarane

fekk aldri forklaringa hans. Til Nå-redaksjonen kom

det derimot eit brev der fotografen trekte tilbake det han hadde

vedgått i samtalen med dei to redaktørane.

Når politikammeret held handa si over den

korrupte

Det meste i denne saka er likevel kjent for embetsmenn ved

Oslo Politikammer. Ei grundig etterforsking vart sett i gang

etter at delar av saka vart omtala i vekebladet Nå våren 1989.

Nå nemnde ikkje namnet hans, men Sandstrøm gjekk sjølv ut

offentleg og sa det var han skuldingane var retta mot. Politimeister

Willy Haugli gjorde sitt til å få temperaturen opp da

han tre dagar etter starten på politietterforskinga, sa til Nå at

«jeg har all grunn til å tro at opplysningene i Nå er korrekte».

I mellomtida hadde det gått dårleg med hjelpepleiar Tormod

Lien som i 1986 hadde fått psykolog Sandstrøms og forsvarsadvokat

Kjenslis hjelp til å sleppe unna fengselsstraff for promillekøyring.

På fengselssjukehuset hadde hjelpepleiaren følgd

opp den særskilte oppgåva han fekk frå psykologen med å ha

kontakten med ein fange som sona ein lengre narkotikadom.

Denne kontakten utvikla seg slik at dei vart godt kjent, og dei

heldt kontakt også etter at fangen vart flytta til Ila og hadde frigang

for å gå på Sogn Yrkesskole. Denne fangen var framleis

djupt innblanda i narkotikahandel. Hausten 1988 brukte han

hjelpepleiaren si privatadresse for å få sendt ei pakke heroin til

Oslo. Da han så skulle møte Lien og få pakka overlevert ved

Universitetet på Blindern, vart dei begge to arrestert av tenestemenn

frå politiets narkotikaseksjon.

Da Lien ba om hjelp frå den gamle forsvararen sin, Morten

Kjensli, var det ein av dei andre advokatane i firmaet - Knut

Ragnar Mikkelsen - som først fekk saka. Dei kjende kvarandre

frå før, fordi advokat Mikkelsen i 1987 hadde hjelpt Lien med

ein søknad om å få tilbake førarkortet etter promilledomen. Mikkelsen

hadde lang fartstid i politiet før han begynte i Kjensli sitt

advokatfirma. Han var politifullmektig ved Oslo Politikammer

36

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!