05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

fekk han oppgåva med å leite seg fram til ein eller annan som

kunne hjelpe Leif Hagen. Halvor Bache Halvorsen har eit stort

kontaktnett, bl.a. frå den tida han sjølv dreiv ulovleg forretningsdrift

i hospitsbransjen. No måtte han saumfare lista over

gamle vener og kjende. Han lykkast til slutt, og fann fram til

Hasse Meinhof Korter - som seinare vart dømt for å ha svindla

NAFs reisebyrå på det aller grovaste. Korter, som kjende Sandstrøm

frå tidlegare samarbeid, var mannen som kunne etablere

direkte kontakt med den personen som kunne hjelpe Leif

Hagen. Den 3. mars 1988 kl. 13.00 møttest «partane» til det

første forhandlingsmøtet på Jon Sandstrøms psykologkontor i

Øvre Slottsgate. I første omgang vart soninga utsett.

Neste terapitime var ikkje før 22. oktober. Da gjekk psykologen

på heimebesøk — eller meir presist på bedriftsbesøk — hos

den nye pasienten. Dei møttest i Leif Hagens hovudkvarter i

Storgata 22. Halvor Bache Halvorsen var med denne gongen og.

Leif Hagen måtte sone til slutt, men han fekk milde

soningsvilkår. Om det vart så mildt at han synst han fekk full

valuta for utgiftene til psykologhjelp, det veit vi ikkje.

Hausten 1990 kunngjorde Sandstrøm erstatningssøksmål

mot vekebladet Nå, som bl.a. hadde omtala Hagens siste

terapitime og det økonomiske oppgjeret, rett nok utan å røpe

namnet på pasienten. Sandstrøm kravde ein million kroner av

Nå. Da dette vart kunngjort, skreiv Dagbladet at Sandstrøm

«ifølge Nås kilder skulle ha tatt inntil 100 000 kroner for å

skrive attester slik at straffedømte slapp å sone». Denne

erstatningssaka står framleis for Oslo byrett.

Frilansfotografen som slapp militæret

Vi skal sjå litt på ei av dei attestsakene frå Sandstrøms privatpraksis

som viser kva slags arbeidsmetodar som blir brukt for å

stanse dei som prøver å rydde opp. Det handlar om ein mann

som helst ville sleppe militæret, men som mangla gode argument,

heilt til han kom til behandling hos den hjelpsame psykologen.

Våren 1989 livnærte denne mannen seg som frilansfotograf

og hadde omfattande oppdrag for Nå.

34

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!