05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

næringslivet om at det ikkje lønnar seg med snuskete metodar,

dersom dei vil ha oppdrag i stat og kommune.

Stans privatisering og heil- og halvkommunale

A/S

Privatisering av kommunal og statleg verksemd gjer det vanskelegare

for publikum og folkevalde politikarar å føre tilsyn

med at alt går rett for seg. Eit eksempel er det store tomtesalet i

Oslo våren og sommaren 1989, då salsførebuingane vart sett

bort til eit privat eigedomsbyrå. Eigedomsbyrået arrangerte

«budrundar», men i røynda var det berre ein liten, lukka krins i

miljøet rundt den private meklaren som fekk kloa i dei fleste av

dei tomtene kommunen ville selje. Eit anna eksempel var då

Nøtterøy kommune sette bort jobben med å utrede kva slags

dataløysingar kommunen hadde bruk for til eit privat datafirma.

Konsulenten frå det private datafirmaet laga sjølvsagt framlegg

om at det var akkurat hans firma som hadde den dataløysinga

som var best for kommunen. Dette betalte Nøtterøy kommune

40 000 kroner for.

Ei anna politisk line som må motarbeidast, er overføring av

ordinær kommunal verksemd til heil- eller halvkommunale

aksjeselskap. Eksempel frå Oslo - der byfornyingsarbeidet vart

organisert i halv-kommunale aksjeselskap - viser klart at aksjelovas

reglar var til hinder for folkeleg innsyn og kontroll. Til og

med dei folkevalde i bystyret har - med få unntak - hatt lita

mulighet til å setje seg inn i drifta av selskap som Grønland

Byfornyelse A/S og Oslo Byfornyelse A/S. Organiseringa av

Oslo sporveier, som står for det meste av kollektivtrafikken i

hovudstaden, er eit anna døme. Utan at det har vori drøfta i

bystyret, har styret i selskapet vedtatt å privatisere bussruter i

Oslo. Private firma som ikkje eingong er i stand til å følgje

enkle miljøkrav, får lov til vere med i konkurransen om rutene.

Ei tredje sak er at Finansdepartementet har starta ei kampanje

for å hindre at kommunerevisjonen skal ha lov til å revidere

selskap der kommunen har aksjar. I ei ny «Forskrift om revisjon

og revisorer», datert 19.9.90, skriv departementet at det

207

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!