05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

også fått kjøpe ei verdifull tomt på hjørnet av Ullevålsveien og

Nordahl Brunsgate til spottpris. På styremøtet 10. oktober 1989

vart styret orientert om at forhandlingane med Fagbygg var nær

sluttført. På møte 16. mars 1990 sto denne tomta på sakskartet

att. Då viste det seg at Fridtjov Johansen hadde underteikna ein

avtale med Fagbygg alt den 27. oktober 1989, utan at styret visste

om det.

Johansen la fram eit handskrivi notat der det står at han har

tatt atterhald om at styret skulle godkjenne salet. Men i Fagbygg

sitt eige møtereferat står ikkje atterhaldet nemnt med eitt

ord. I etterhand synte det seg at det var Fagbygg sin produksjonssjef

Manstad - ein av «badstukameratane» - som hadde

føyd det til etter at Fridtjov hadde ringt og bedt han gjere det.

Idyllen sprekk

Fagbygg såg på avtalen med Fridtjov Johansen som bindande,

og sa at dei ville gå til retten om Grønland Byfornyelse gjekk

attende på avtalen som var verd over sju millionar kroner.

Mens styreformann Ivar Moe i eit brev til styremedlemmene

forklarer at avtalen berre var eit arbeidsdokument for å få eit

lån i Landsbanken, og at det ikkje hadde vori meininga å binde

opp styret. Han hadde hatt to møter om dette med Fagbygg og

Landsbanken på advokatkontoret sitt.

Eit faktum er det i alle fall at utan denne avtalen ville Fagbygg

ha tapt pengar slik dei andre kreditorane gjer. For salet av

tomta vart gjort då Grønland Byfornyelse allereie hadde tapt

mykje pengar på Jenssens Have. I røynda var ikkje selskapet

betalingsdyktig lenger. Bustyraren kan reise millionkrav mot

styret for dette tomtesalet. Og når alt kom til alt, fekk selskapet

berre ein snau million av heile kjøpesummen. Fagbygg tok

nemleg motrekning i krav dei hadde mot Grønland Byfornyelse.

Da rekna dei også med betaling for framtidig sluttarbeid i

Jenssens Have. Då avtalen med Fagbygg vart reforhandla, melde

både styremedlemmet og varamedlemmet frå Bygning forfall

til styremøtet i Grønland Byfornyelse 12. juni 1990.

Dermed var løpet kjørt for Kong Fridtjovs selskap på Grøn-

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

107

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!