05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

og skatte- og avgiftslovgivinga. Hadde han drivi eit vanleg

blildcenslagarfirma, fått oppdraga i åpen priskonkurranse med

andre og betalt skatter og avgifter som han skulle, så kunne han

umuleg hatt råd til så rundhanda utdeling av gåver og bidrag, til

personar og parti som han såg på som vener. Han hadde råd til

å vere ein så stor partisponsor fordi han kunne putte i eiga lomme

ein god del pengar som skulle ha hamna i stats- eller kommunekassa.

Ein del av desse pengane kom Oslo Ap og enkeltpersonar

i partitoppen til gode. Fram til sommaren 1988 vart

Oslo Arbeiderparti delvis finansiert på korrupt vis.

Den korrupte finansieringa av varaordføraren sitt boblebad

er berre ei lita brikke i denne samanhengen. Den sjekken på

50 000 kroner som blikkenslagaren sendte til tidlegare byrådsleiar

Hans Svelland for «konsulenttenester» sommaren 1989, er

ein del av det same.

Så lenge leiinga i Oslo Ap ikkje vedgår dette, og ikkje tar eit

åpent politisk og ideologisk oppgjer med denslags, så er partiet

heller ikkje i stand til å 'rydde opp' i Oslo-korrupsjonen.

Avsløringane i Oslo har ført til at maktpersonar rundt om i

norske rådhus er livredde ordet korrupsjon. Når du kjem eit

godt stykke opp i den kommunale maktpyramiden, så møter du

mange stader ein tverrpolitisk vilje til å beskytte korrupte forhold.

Korrupsjonsbeskyttarane er like viktige og like farlege

som dei åpent korrupte. Kanskje er dei farlegare, fordi dei sjølv

har eit reinare rulleblad og bruker sin eigen posisjon og si eiga

truverdighet til å hindre at dei korrupte blir tatt.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!