05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

kommunale politikarar. Gjennom eit dyktig og dristig lobbyarbeid

klarte leiinga i Schibstedkonsernet sommaren 1985 å få

både Ap, H og FrP med på at det var Schibsted og ingen andre

som skulle få kjøpe storparten av det verdfulle Dittenkvartalet

langs Akersgata i Oslo sentrum. Det var aldri snakk om å kunngjere

at eigedomen var til sals. Her var det ikkje plass for noen

fri konkurranse. Sentrale politikarar braut kommunale reglar og

god forvaltningsskikk for å gjere Schibstedaksjonærane til lags.

I eit «fortrolig» brev til statsråd Gjertsen, ordførar Nordengen

og kommunalråd Heggen Larsen i juli 1985 slår konsernleiinga

hos Schibsted fast at dei uformelle samtalane har ført fram:

«Kontakten hittil mellom representanter for våre to aviser og

byens politikere og byplanmyndigheter har klarlagt at byens og

bedriftens mål faller sammen når det gjelder ønsket om å

bevare og forsterke Akersgatenmiljøet». Det var så sant, så

sant. Schibsted fikk det slik dei ville ha det, utan at kritiske

journalistar frå `Akersgatenmiljøee kikka dei i korta.

Dagbladet vart blanda inn i ei liknande sak i 1987. Avisa var

interessert i å overta eigedomen Bjørnsgård som Oslo kommune

hadde fått som gåve. Hans Svelland instruerte kulturavdelinga

i Sentraladministrasjonen om at dei skulle lage ei saksframstilling

som konkluderte med at Dagbladet skulle få overta

Bjørnsgård vederlagsfritt. Kulturbyråd Karin Holmsen reagerte

på dette. Ho ordla seg svært krast om dette i eit notat til byrådsleiaren

i juli 1987, eit notat Aftenposten offentleggjorde i april

1991. I notatet seier ho at det er «uklokt/uforsvarlig kun å forhandle

med en interessent, alle søkere burde vært seriøst vurdert»

og ho konkluderer med eit spørsmål: «Avtalen er etter

mitt skjønn ren gavepakke til sistnevnte. (Dvs. Dagbladet.

forf.merkn.) Hvorfor?» 63 .

Etter dette vart det ein lang mellomperiode der dei to standpunkta

i byrådet sto beint mot kvarandre. Svelland jobba for

sitt syn, mot sterk indre motstand i byrådet og i Rådhuset elles.

Tilmed kommuneadvokaten protesterte. Likevel vart det laga

eit avtaleutkast som styret i Dagbladet naturleg nok sa ja og

amen til.

I denne perioden kom Hans Svelland for sin del i ein mild

konflikt med Dagbladet. Det skjedde knapt to månader etter at

179

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!