05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Den 13. september 1990 tok førstestatsadvokat Huitfeldt

avgjerda om å leggje vekk straffesaka mot Sandstrøm «etter

bevisets stilling», slik Oslo politikammer hadde bede om. Tilrådinga

kom frå Retts- og påtaleseksjonen ved Kriminalavdelinga,

der Knut Ragnar Mikkelsen er sjef.

Da dette skjedde, var dei to politiforklaringane som fungerande

kriminalsjef Magnar Aukrust mottok omlag eit halvt år

tidlegare, framleis på vidvanke. Eller kanskje dei berre var lagt

vekk i ein høveleg skuff? Dei var i alle fall ikkje ført inn på

dokumentlista. Dette er ei liste som skal liggje på kvar sak og

som skal førast fortløpande, slik at kvart nytt dokument får eit

nummer og blir skrivi opp straks det kjem inn til politiet. Når

dette blir gjort på riktig måte, er det ikkje muleg å fjerne dokumentet

etterpå, utan at det står 'spor' igjen på dokumentlista.

Tormod Lien, hjelpepleiaren som sat nokså isolert i fengslet

i Trondheim, fekk inga tilbakemelding. Men han vart meir og

meir utålmodig. Han hadde tatt kontakt med Nå-journalisten,

han hadde tatt risikoen med å fortelje det han visste til politiet -

og så høyrde han ingenting, mens månadene berre gjekk. Ville

politiet likevel ikkje ta det på alvor, det han hadde fortald?

2. juli 1990 sendte han eit omfattande brev til formannen i

fengselsstyret, Rolf B. Wegner. I dette brevet kom han inn på

ein del av dei forholda som han hadde forklart seg om til politiet.

Men Wegner svara heller ikkje.

Lien kom i kontakt med førstestatsadvokat Huitfeldt i

august, i samband med at han skulle vitne i ei straffesak der

Huitfeldt var aktor. Da gjorde han Huitfeldt merksam på at han

hadde forklart seg for politiet som vitne i Sandstrømsaka og.

For Lien verka det som det var forgjeves same kor mykje

han gjorde for å seie i frå. Men han ga seg ikkje. Utpå hausten

klarte han å nå fram på telefonen til Rolf B. Wegner, for å etterlyse

svar på brevet han hadde sendt 2. juli. I mellomtida hadde

Wegner skifta jobb, og Lien fekk berre til svar at Wegner hadde

latt dette brevet liggje igjen til etterfølgjaren sin da han sjølv

slutta i stillinga som sjef i fengselsstyret.

Men denne telefonpurringa til Wegner var nok ikkje heilt til

fånyttes. I slutten av november kom det omsider eit kortfatta

brev tilbake til Lien frå Justisdepartementet med beskjed om at

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

39

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!