05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

I andre tilfelle kan det vere slik at ein sjef med overlegg sørger

for at underordna medarbeidarar får nyte godt av fordelar

som både han og dei veit er oppnådd på urettmessig eller regelstridig

vis. Sjølv om det kan handle om småting - eller småbeløp

- for kvar enkelt, kan dette bli eit farleg våpen i sjefen sine

hender for å halde ein steinhard kontroll med underordna personell.

■ Kjøp/sal av fast eigedom

Kjøp og sal av kommunal eigedom bør følgje dei same reglane

som er nemnt i avsnittet om anbud. Ved sal av kommunal eigedom

er det viktig å sikre at kunngjeringa er slik at alle som er

interessert kan leggje inn pristilbod.

Det er fleire salsmetodar som blir brukt, når kommunale

nøkkelpersonar har bestemt seg for at ein bestemt kjøpar skal få

overta ein eigedom, utan omsyn til spelereglane. Ved fleire store

tomtesal i Oslo kommune på 80-talet, har leiande politikarar

i Høgre, Arbeiderpartiet og dels Fremskrittspartiet sett til side

regelen om at det skal vere priskonkurranse mellom kjøparane,

enda dei elles seier dei er for fri konkurranse.

Forretningssentret Oslo City er bygd på ei tomt som vart

seld til entreprenørkonsernet Selmer som samtidig ga store

økonomiske bidrag til Hans Svellands private hotelldrift på

Ustaoset. Det hjalp lite at Selvaagbygg tilbaud høgare pris.

Kommunerevisjonen retta hard kritikk mot framgangsmåten i

denne tomtesalssaka.

Luksushotellet Oslo Plaza er bygd på ei tidlegare kommunal

tomt som Drammensentreprenøren Ole K. Karlsen fekk kjøpe

utan noen form for kunngjering eller priskonkurranse - altså ein

rein innside-handel. Avgjerda vart tatt i juni 1985 av ei politisk

styringsgruppe på tre personar: Sigurd Østen (H), Pål Atle

Skjervengen (FrP) og Tove Heggen Larsen (Ap), som rett nok

var erstatta med ein vararepresentant i det møtet der kontrakten

med Ole K. Karlsen vart vedtatt.

Gjensidige Forsikring har snart bygd ferdig det nye hovudkvarteret

sitt ved utløpet av Lysakerelva på ei tomt som er kjøpt

168

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!