05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Alt dette kunne han truge med, fordi han har vikla hotella

sine, Bolkesjø Hotell og Gran Hotell, inn i eit lite nettverk av

selskap der han sjølv er styreformann og bror hans, Torleif R.

Søreide, er varamann. Torleif er dessutan direktør i det kommandittselskapet

som eig Gran Hotell.

Eit av krava frå Søreide var at Notodden skulle kjøpe Bolkesjø

Vannverk, sjølv om det var inngått ein avtale med kommunen

i 1984 som gjekk ut på at kommunen kunne overta vassverket

vederlagsfritt. Det var ingen tvil om at denne avtalen

framleis var gyldig. Etter trugsmåla let formannskapet seg presse

til å opprette eit «Bolkesjø-utval» - med sentrale kommunepolitikarar

- for å ordne opp i flokane. Det var særleg ein politikar

som ivra for å gjere Søreide til lags. Høgremannen Oscar

Johansen kunne ha grunn til det ettersom rørleggjarfirmaet hans

hadde hatt godt med oppdrag på hotella til Søreide og ville bli

hardt ramma om trugsmåla vart sett ut i livet.

Eit av resultata av utvalsarbeidet vart at kommunen skulle

kjøpe vassverket, ikkje frå hotella, men frå Søreide sitt familieselskap

US Søreide for 1,9 millionar kroner.

■ Tvetydige vedtak - som er så uklare at dei flytter

den verkelege avgjerda vekk frå det organet som skal

avgjere saka

Dette er ei fordekt form for delegering. I Oslo ber byrådet ofte

om å få fullmakt frå bystyret til å gjennomføre tiltak på eit

saksområde «i samsvar med premissene for denne saken».

Ettersom «premissene» er byrådet si eiga saksframstilling som

kan innehalde mange ulike poeng, kan ei gjennomføring «i

samsvar med premissene» bli kva som helst.

15. mai 1991 gjorde Oslo bystyre eit vedtak om at «Byrådet

gis fullmakt til å begjære skjønn» for eigedomar i åtte ulike

kvartal der bystyret tidlegare har gjort byfomyingsvedtak. For

byrådspartia (H, FrP og KrF) var denne saka eit ledd i eit langsiktig

arbeid med å «slakte» det kommunale byfornyingsarbeidet

og la dei private gårdeigarane og spekulantane få tilbake dei

profittmulighetene som ligg i gårdeigarstyrt byfornying. Men

191

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!