05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

dighet». Bodøavisene tolka dette snirklete vedtaket som at

kommunen ville «vri seg unna» garantiansvaret for på det viset

å spare pengar i ei bånnskrapt bykasse.

Men om formannskapsvedtaket seier ein ting, så nyttar det

ikkje for ordføraren i Bodø å setje det ut i livet, viss rådmannen

alt har gått heilt på tvers av det bystyret og formannskapet har

vedtatt. Rådmann Johnson hadde ikkje brydd seg med å vente

korkje på formannskapsvedtak eller fylkesmannsgodkjenning.

Han hadde misbrukt den retten han som rådmann hadde til å ta

ut pengar frå bykassa. Før formannskapet fekk saka på bordet

hadde han alt betalt ut dei første 500 000 kronene - 100 000

kroner meir enn det som Fram Kino A/S hadde skoti inn i Fram

Restauranter A/S der rådmannen var aksjonær.

Da måtte ordførar Per Pettersen gjere eit val. Skulle han vere

lojal mot vedtak i bystyre og formannskap, eller mot rådmannen

som hadde tatt ut ein halv million kroner frå bykassa og

gitt til ein av forretningsvenene sine? Valet var visst ikkje vanskeleg.

Istadenfor å reise spørsmål om habiliteten til rådmann

Gisle Johnson, og om korfor han betalte ut pengar utan at det

fanst gyldig avtale og i strid med bystyrevedtak, skreiv ordførar

Per Pettersen følgjande til Fylkesmannen i Nordland:

«Fram Kino A/S er nå i den økonomiske situasjon at garantien

er kommet til anvendelse, og jeg ber om fylkesmannens

vurdering av hvor vidt garantivedtaket på nåværende tidspunkt

er gyldig uten godkjenning fra Deres side.

I motsatt fall tør jeg på ny be om Deres godkjenning, jmfr.

Kl. prg. 59.4.»

Ordføraren gjorde altså det motsette av å «vri seg unna» garantiavtalen.

Han ba Fylkesmannen undersøke saka - og dersom Fylkesmannen

meinte at kommunen var ubunden av avtalen, så ba

han om å verte bunden! Slik fekk gårdeigar Jørgensen og Fram

Kino A/S det som dei ville. Fylkesmannen skreiv brev tilbake til

kommunen der det heiter at han no har godkjent garantiavtalen

mellom kommunen og Fram Kino A/S.

Det vart naturlegvis retta søkjelys mot rådmann Gisle John-

48

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!