05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

skulle setjast opp på ein slik måte at det klarare syner dei reelle

inntektene og utgiftene til selskapet. Generalforsamlinga det

året slutta seg til kritikken.

Familieverksemda

Sjølv ikkje etter 10 års drift i selskapet klarte Fridtjov Johansen

å leggje fram ein årsrekneskap som var sett opp på riktig måte.

Til dømes fanst det ingen revisjonsrapport for 1988, og på

generalforsamlinga i 1989 måtte revisor og rekneskapsførar

samordne rekneskapen fordi det vart diskusjon om oppsettet.

Kommunerevisjonen var langt frå nøgd. Dei saumfor selskapet

i 1989-90, og sendte over 30 brev med kritikk og spørsmål.

Kritikken galdt ikkje berre store prinsipielle ting som mangel

på anbudskonkurranse eller tvilsame posteringar i byggjerekneskapane.

Feil på feil også i det små vart peika på.

Lønnsutbetalingar var feil, feriepengar var feil, summar var

postert feil osb. Ein del av forklaringa kan kanskje vere at selskapet

brukte ukvalifiserte medarbeidarar på kontoret. Mykje

tyder på at det ikkje var kontortekniske kunnskapar som talde

mest når Fridtjov Johansen tilsette damene sine.

Ei sak som stadig var på sakskartet i styret, var lønns- og

arbeidstilhøva til dagleg leiar. Han kravde frå første dag å få

heva lønna si, og styreformannen tala saka hans. Frå starten

fekk han tilbod om lønnstrinn 31 i kommunen, og skulle arbeide

15-20 timar for veka. Han var samstundes tilsett som produktsjef

i Dyno Konsulent, eit dotterselskap til Dyno Industrier.

Då han slutta ved konkursen i Grønland Byfornyelse, var han

komen opp på lønnstrinn 39 i regulativet. Han klarte å omgå

lønnslova og. Det skjedde ved at han flytta over frå kommunal

lønnsstige til statleg i lønnslovperioden. Han vann 478 kroner

pr. månad på dette. I tillegg hadde han tenestebil, med romsleg

kjøregodtgjering og andre fordelar.

Revisjonen har ein særskilt gjennomgang av dei tilsette sine

lønstilhøve. Pussig nok vart det heile tida rekna feil i favør av

Johansen og hans næraste. For han var ikkje aleine om å ha selskapet

som leveveg.

111

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!