05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Lien var meire enn glad til for å få fortelje det han visste.

Ein god del av det han sa vart skrivi ned i ei forklaring som

etterforskaren fekk med seg tilbake til Oslo. Etterforskaren

fekk 6g med seg ei erklæring frå Lien, datert 19. januar 1990,

der han løyser psykolog Erik Undersrud frå taushetsplikta si

slik at politiet kunne få sjå alle «dokumenter og journal vedrørende

behandling/konsultasjonar hos Erik Undersrud, Stovner

Psykiatriske Poliklinikk, som det er referert til i skriv/uttalelse

av 19.11.86 fra Erik Undersrud».

Så langt vart saka handtert seriøst hos politiet. Undersrud

vart innkalla til politiavhør. Han gjekk såpass langt i forklaringa

si at dette saman med forklaringa frå Lien skulle gi godt

grunnlag for vidare etterforsking. Men 8 månader etter at etterforskinga

starta, var desse to forklaringane det mest konkrete

politiet hadde når det gjaldt lov- eller regelstridig handlemåte

der fengselspsykologen var innblanda.

Etterforskaren overlet begge forklaringane til Magnar Aukrust,

som da var fungerande kriminalsjef. Det skjedde i februar

eller mars 1990. Men da saksmappa med heile Sandstrømsaka

noen månader seinare kom til statsadvokat Lasse Quigstad, så

var ikkje desse to forklaringane med. Politiet rådde til at saka

skulle leggjast vekk, men statsadvokat Quigstad var ikkje fornøgd

med det. Han sendte saka tilbake med beskjed om at det

var meire som måtte undersøkast eller vurderast. Men politikammeret

stod på sitt. Da Sandstrømmappa kom til statsadvokatkontoret

for andre gong, og med same konklusjon, var det

førstestatsadvokat Iver Huitfeldt som fekk saka. Lasse Quigstad

hadde i mellomtida vorti tilsett som visepolitimeister i Oslo.

Men forklaringane frå Tormod Lien og Erik Undersrud var

framleis ikkje med.

Førstestatsadvokat Huitfeldt hadde truleg ikkje den uformelle

bakgrunnskunnskapen om Sandstrømsaka som Lasse Quigstad

sat inne med. Quigstad hadde nemleg - saman med politiinspektør

Knut Ragnar Mikkelsen - hatt eit møte med ein person

som hadde detaljkunnskapar om 'nettverket' rundt Sandstrøm.

Det var på slutten av dette møtet at Quigstad kom med

utsegna om at 'dette kan ikkje psykologen ha klart utan hjelp

frå folk på høgt nivå i politiet'.

38

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!